Fagstoff

Peer Gynt - utdrag frå 5. akt

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kjelde

Henrik Ibsen:
Peer Gynt (1867)

 

Les 5. akt frå s. 254.

 

Nasjonalbiblioteket har ei digital utgåve av boka. Det er lurt å velje fullskjermvising.

 

Peer Gynt. 5. akt

 

 

Peer Gynt og knappestøyparenPeer Gynt og knappestøyparen

Tekstutdrag frå Peer Gynt (1867)

I denne sluttscena i dramaet Peer Gynt møter Peer knappestøyparen for tredje gong. Knappestøyparen seier han skal støype om Peer, sidan han ikkje har levd eit godt liv.

Syndene Peer har gjort, er mange. Han har svikta mor si, Åse, og han har svikta kjærasten sin, Solveig. Han har heile livet vist feigskap og manglande evne til å ta val.

Han har "gått utanom" i viktige situasjonar i livet, og levd eit impulsivt liv – der det stort sett har handla om å tilfredsstille eige begjær.

No, ved tredje korsvegen, skal rekneskapen gjerast opp. Synda hans, seier knappestøyparen, har vore at han ikkje har vore seg sjølv. Identiteten hans, det eigentlege eg-et, er utan innhald.

Peer treng derfor bevis for at han har levd som seg sjølv. Elles trugar knappestøyparen med å støype han om. Så kjem Solveig, redninga ...