Oppgåve

Oppdrag 3: Den norske helten i dag

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Filmhelter   

Individuell oppgåve

  • Lag ei liste over fem eigenskapar som du meiner ein mannleg norsk helt skal ha i dag. Her kan du ta utgangspunkt i heltar både i litteratur, tv-seriar, krim, teikneseriar, romanar, teaterstykke og såpeseriar. Hugs berre at det skal vere norsk litteratur og norske filmar!
  • Lag så ei tilsvarande liste over kvinnelege norske heltar.

Gruppeoppgåve

  • Sett dykk så saman i grupper på fire og samanlikn dei listene de har laga. Diskuter dykk fram til ei liste på fem eigenskapar som gruppa meiner ein mannleg og ein kvinneleg helt i vår kultur bør ha.
  • Les opp lista for resten av klassen.

Skriveoppgåve

  • Skriv eit essay eller eit kåseri med tittelen "Den norske helten i dag". Ta utgangspunkt i dei eigenskapane de vart samde om i klassen.
 

 

Relatert innhald