Oppgåve: Yrkessituasjon

Ittens fargesirkel og geometri

Publisert: 17.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017
GeoGebra.png

Ittens fargesirkel kan vere eit fint utgangspunkt for å rekne areal av samansette figurar samtidig som du lærer viktige omgrep i fargelære.

GeoGebra blir brukt til å finne lengdene på dei ulike geometriske figurane i fargesirkelen.

Ressursar

GeoGebraIttens fargesirkel -fil kan du laste opp her: Ittens fargesirkel  

Dersom du ikkje skal utføre desse målingane digitalt, kan du i staden ta utskrift av eit forstørra bilete av fargesirkelen. (Klikk på biletet og vel "Gå til siden Ittens fargesirkel").

Læringsaktivitetar

Oppgåve 1

a) Kva er primærfargar?
b) På Ittens fargesirkel er dei tre primærfargane samla i den inste trekanten. Undersøk kva slags trekant dette er, ved å måle vinkel og lengd på sidekantane.
c) Teikn ei linje frå punkt C vinkelrett ned på grunnlinje AB i trekanten med primærfargar. Denne linja kallar vi ein normal.
d) Finn ut kor lang høgda er i trekanten med primærfargar.
e) Bruk Pythagoras' læresetning til å berekne høgda i trekanten med primærfargar, og undersøk om den berekna verdien stemmer overeins med den målte verdien.
f) Rekn ut arealet av trekanten med primærfargane.

Oppgåve 2

a) Kva er sekundærfargar?
b) Undersøk kva slags trekant som rommar sekundærfargane, ved å måle lengd og vinkel på sidekantane.
c) Ta utgangspunkt i dei tre trekantane med sekundærfargar. Teikn tre normalar, ein frå kvar av punkta D, E og F, ned på den tilhøyrande grunnlinja i kvar trekant.
d) Rekn ut arealet av ein trekant med sekundærfarge. Kva blir summen av arealet til dei tre trekantane med sekundærfargar?
e) Samanlikn arealet av trekanten med primærfargane med summen av arealet til trekantane med sekundærfargar. Kva finn du?
f) Kan du ut frå fargesirkelen og korleis normalane deler opp figuren, forklare svaret du fann i oppgåve 2e?

Oppgåve 3

Rekn ut det totale arealet av det farga området på Ittens fargesirkel. Forklar korleis du tenkjer når du løyser oppgåva.

Oppgåven er henta frå FYR 

Relatert innhald

Yrkesrelevant