Fagstoff

Cellemembranen

Publisert: 11.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Tegnet dyrecelle med tydelige organeller

Tenk at cellene våre har den same grunnleggjande strukturen som cellene hos fluger og agurkar! Cellene er så små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop, men det finst unntak, som froskeegg. Dei eukaryote cellene varierer mykje i storleik og form, men trass i stor variasjonen er det òg mange fellestrekk. Alle eukaryote celler består av tre hovuddelar: cellemembran, cellekjerne og cytoplasma med organellar.

Tegning av dyrecelle og forstørret fosfolipidmembran. Illustrasjon.Cellemembranen som sluttar kring dei eukaryote cellene, er selektivt permeabel. Det vil seie at somme stoff slepp lett gjennom, enkelte får hjelp til å passere, mens andre aldri får komme gjennom.     

 

Molekylstruktur av fosfolipid. Illustrasjon.Detaljert teikning av eit fosfolipid med feittsyrer, glyserol og fosfatgruppe.    

 

Tegnet cellemembran med åpne ionekanaler. Illustrasjon.Cellemembran: dobbelt lag av fosfolipid med ionekanalar.    

 

 


 Image showing the thumbnail for content named \"Transport gjennom cellemembran\"Transport gjennom cellemembranen. 

Cellemembranen

Cellemembranen avgrensar cellene frå omgivnadene og vernar innhaldet ved at han skaper og held ved like eit stabilt indre miljø. Dette gjer han ved å kontrollere transporten av stoff inn og ut av cella. Cellemembranen deltek òg i kommunikasjonen med andre celler ved at molekyl på overflata svarer/responderer på hormon og andre signalmolekyl.

Tegning av forstørret fosfolipidlag. Illustrasjon.Den doble cellemembranen består av to lag med fosfolipid, der dei vassavstøytande feittsyrene er vende mot midten av membranen.  

Fosfolipid

Cellemembranen består i hovudsak av eit dobbelt fosfolipidlag med protein. Fosfolipida har eit «hovud» som er vasstiltrekkjande (hydrofilt) og to feittløyselege «halar» som er vassavstøytande (hydrofobe).

Dei feittløyselege delane i fosfolipida står vende mot sentrum av membranen og dannar eit hydrofobt midtsjikt. Overflatene på den doble membranen er derimot hydrofile fordi dei vassløyselege delane vender ut mot omgivnadene og inn mot celleinnhaldet. Fleire av organellane inne i cellene er òg omgitte av ein dobbel fosfolipidmembran. Denne liknar cellemembranen, men utvalet av membranprotein kan variere.

Tegning av cellemembran med proteiner og kolesterol i membranen. Illustrasjon.I cellemembranen finst det òg kolesterol, som styrkjer og aukar elastisiteten. Mange spesialiserte protein sørgjer for transport, mens andre fungerer som reseptorar. Eit slimlag av glykoprotein yttarst (glykokalyks) vernar cella mot nedbryting og fungerer mellom anna som ein "tag" for attkjenning (identifisering).    

Membranprotein

Protein utgjer omtrent 50 prosent av membranmassen. Membranproteina har mange ulike funksjonar. For eksempel finst det fleire typar ionekanalar som hjelper vassløyselege stoff som ion, karbohydrat og aminosyrer gjennom cellemembranen. Desse har ei kappe av vatn rundt seg og kan ikkje passere det hydrofobe midtsjiktet i membranen. Ein annan type membranprotein er spesialiserte reseptorar, som mellom anna tek imot signal frå vassløyselege hormon.

Feittløyselege stoff som testosteron, østrogen og vitamin A, D, E og K kan derimot lett diffundere gjennom cellemembranen. Små molekyl som H2O, CO2 og O2 kan òg passere mellom fosfolipida.

Oppgåver