Oppgåve

Minnets diktar: Johan Sebastian Welhaven

Publisert: 11.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Oppgåve

Johan Sebastian Welhaven: "Det omvendte beger"

Nattehimmel med skyar og månelys. Foto.   

I diktet "Det omvendte beger" skriv Welhaven om ein mann som har mista kona si. Han sørgjer og ser ikkje noka glede i livet lenger. Han vert tilbydd ein drikk som kan gjere slutt på lidinga hans, men då vil han samtidig miste alle minna om den avdøde kona si. Mannen vel til slutt å helle ut drikken – derfor tittelen "Det omvendte beger". Han finn glede i å minnast tida slik ho var, sjølv om det både er sårt og vanskeleg.

 

Les diktet "Det omvendte beger" og jobb med spørsmåla:

 

  1. Gjer greie for rimmønsteret Welhaven bruker i diktet sitt.
  2. I diktet opptrer ei skapning frå folketrua, ein alv eller ei fe. Kva slags vesen er alvar? Kva assosierer ein med dei?
  3. Forfattaren har brukt mange poetiske bilete i dette diktet. Sjå litt nærare på somme typar bilete:
    • Naturen er meir enn ein kulisse for handlinga. Gi døme på besjeling av død natur og dyr!
    • Diktaren personifiserer kjenslene til hovudpersonen, herr Gilbert. Gi nokre døme.
  4. Diktet skildrar ein sorgprosess. 
    • Kva kjenneteiknar kjenslelivet til herr Gilbert før han møter alven?
    • Kva er det som får herr Gilbert til å innsjå at han ikkje vil gløyme kona si?
    • Kva reaksjonar er det avgjerda om å behalde minna utløyser i han, fysisk og psykisk?
  5. Diktet fokuserer på ein avgjerande augeblink i livet til herr Gilbert, og diktaren skildrar denne augeblinken som eit møte med ei overnaturleg skapning som tilbyr helten å gløyme. Viss vi tolkar dette møtet som eit bilete på noko  anna: Kva trur du valet til herr Gilbert eigentleg handlar om?
  6. Les i den språk- og litteraturhistoriske tidslinja om Johan Sebastian Welhaven.
    • Er det noko Welhaven og hovudpersonen i diktet har felles?
  7. Les i tidslinja om romantikken. Kan du peike på romantiske trekk ved dette diktet?
 

 

Relatert innhald

Generelt