Begrep

ATP – adenosintrifosfat

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

 

ATP er eit av dei energiberande molekyla i cellene – eit korttidslager for energi som overfører energi frå eit molekyl til eit anna.

Det er bindingane mellom fosfatgruppene som er energirike.

Når den eine av dei tre fosfatgruppene losnar, blir det frigjort energi. Tilsvarande energimengd må tilførast for å binde ho igjen.

Reaksjonsli ADP – adenosindifosfat har berre to fosfatgrupper og er som eit utladd batteri. ADP må tilførast energi og ei fosfatgruppe for å bli oppladd til ATP igjen.