Fagstoff

Demokrati – for alle?

Publisert: 17.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Ein del av debatten om det norske handla om Grunnlova og det norske demokratiet.


I 1814 var vi nordmenn stolte av fridomen vår, og av den demokratiske grunnlova vår.


Men demokratiet var framleis noko som berre omfatta nokre få.

 

 

Kollasje: Kjerringa mot strømmen 

Portrett av Camilla Collett, 1860Camilla Collett (1813–1895). 23. januar 2013 var det 200 år sidan Camilla Collett vart fødd i Kristiansand.

 

 

Dette skriv Camilla

Vi tror ikke mer på at hun rører Prins Frost ved å smigre ham og med klaprende tenner forsikre at hun har det så deilig hos ham. Heretter får vi "Kjerringa mot strømmen", som heller går under enn gir opp sin overbevisning.

 


Demokrati for menn med eigedom

Grunnlova i 1814 la fundamentet for eit av dei mest demokratiske styresetta i verda. Dette prega norsk verdidebatt, og det prega det norske sjølvbiletet. Vi var ein fri og demokratisk nasjon. Men framleis var det berre eit liten del av folket som hadde fulle demokratiske rettar. I 1814 fekk om lag 40 % av alle menn over 25 år røysterett. Menn utan eigedom fekk ikkje røyste. Og ingen kvinner hadde røysterett.

Camilla Collett – kjerringa mot straumen

Tidleg på 1800-talet hadde kvinnene liten innverknad på det offentlege livet. Kvinna sin plass var i heimen, ikkje som deltakar i samfunnslivet eller den offentlege debatten. Kvinneidealet på den tida både dyrka og degraderte kvinna. Kvinna skulle halde på med huslege og vakre ting, ting som utvikla venleiken hennar, både fysisk og sjeleleg. Samfunnsengasjement ville fungere øydeleggjande for kvinner, vart det hevda.

Dette provoserte fleire sterke kvinner, mellom dei Camilla Collett. Ho vart derfor "kjerringa mot straumen"  og ein leiarfigur i kampen for at kvinner skulle få dei same rettane som menn hadde. Den norske kampen for fridom, demokrati og sjølvstende skulle ikkje berre handle om menn.

Kvinnerøyster

Camilla Collett kjempa ikkje for kvinneleg røysterett. Dette temaet var ikkje moge for diskusjon før mot slutten av 1800-talet. Men ho kjempa for at kvinnerøyster skulle verte høyrde, også i det offentlege livet. Ho vart derfor ein inspirasjon i den seinare kampen for kvinnerettar – også som veljarar og deltakarar i demokratiet.

Dramatisering av Camilla Collets "Amtmannens Døtre" 

Opplesing frå Amtmandens Døttre