Fagstoff

Redsla for det ukjente

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Naturmytiske segner

Ei samisk segn om Stalloen 

Opphavssegner

Kverna som står og maler på havsens bunn    

 

Historisk segner

 

Segner – gamle forklaringsmodellar

Folkediktinga vart sentral i nasjonsbygginga. Eventyr, folkeviser og segner baud på ein rik munnleg forteljartradisjon som dokumenterte norsk kultur og historie.

Segnene vert vanlegvis delte inn i tre typar:

  • naturmytiske segner
  • opphavssegner
  • historiske segner

Naturmytiske segner handlar om menneske i møte med det overnaturlege. Opphavssegner forklarer bakgrunnen for naturlege fenomen og formasjonar i naturen – til dømes kvifor havet er salt. Historiske segner er segner som handlar om historiske personar eller hendingar.

Til skrekk og åtvaring

Det er to ting som ofte er felles for segner: Dei gir seg ut for å vere sanne, og dei har ingen lykkeleg slutt. Det går ofte gale med hovudpersonen i segna. På mange måtar fungerte segner derfor til "skrekk og åtvaring". Segner fortel deg kor ille det kan gå med deg om du til dømes trassar ei åtvaring. Ofte har segna ein moral. Nøkken fungerte kanskje som åtvaring slik at barn ikkje bada åleine?

Nøkken illustrert av Theodor Kittelsen. Teikning.Førestillingane om nøkken kan ha redda mange born frå å drukne. 

Kva er nordmenn redde for?

Det er mange fellestrekk ved kva menneske er redde for. Til alle tider, og dei fleste stader i verda, har folk vore redde for fenomen som død, sjukdom og mørke. Men redsla har også ei lokal tilpassing. For mens vi i Noreg er redde for troll, er tyskarane meir redd dvergar. Og mens huldra kan forføre menn i norsk folkedikting, må britiske menn passe seg for alvar (fairies).

De dødes tjern

I filmen De dødes tjern dannar ei gammal segn opptakten til ein psykologisk thriller.

 

De dødes tjern: Sagnet 

Kva er vi redde for i dag?

Det er få i dag som er redd for å møte nøkken eller huldra. Men vi er framleis redde for å verte overfalne på gata, eller dopa og valdtekne på fest,

Ein kan også forstå moderne segner, såkalla vandrehistorier eller avisender, som historier til skrekk og åtvaring. Dei åtvarar deg mot å gå åleine i skogen ei mørk vinternatt. Eller dei får deg til å halde eit auge med drikkevarene dine når du er på en fest med mange framande.