Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdatering av andre program

I tillegg til operativsystemet er det ofte mange andre program på ei datamaskin som også må oppdaterast, og som ikkje er inkluderte i dei automatiske oppdateringane.
Virusangrep, pc
Opne bilete i eit nytt vindauge

Automatiske oppdateringar?

For Apple Mac blir til dømes ikkje program som er kjøpte via App Store, oppdaterte automatisk, og Windows Update sjekkar ikkje oppdateringar for program som kjem frå andre produsentar enn Microsoft.

Nokre program sjekkar automatisk eller spør deg om du ønskjer å sjekke om det finst oppdateringar når programmet startar. For andre må du sjølv sjekke om det er kome oppdateringar.

I ein del tilfelle kan du også velje om oppdateringar skal gjerast automatisk For somme typar program er dette fornuftig. Til dømes bør antivirusprogram, nettlesarar og programkomponentar som Java og Flash alltid vere oppdaterte med nyaste versjon.

Men automatiske oppdateringar har også ulemper. Denne funksjonen kan føre til at maskina går treigare, og at det tek lengre tid å starte. Automatiske oppdateringar kan også skape problem dersom maskina er kopla til eit internettsamband som har avgrensa kapasitet.

Oppdateringsplan

Det er derfor fornuftig å lage ein oppdateringsplan for den programvara som verksemda bruker. Ei god løysing er å dele program i tre kategoriar:

  • program som krev automatisk oppdatering
  • program som bør oppdaterast regelmessig
  • program som ikkje krev oppdatering

Program som krev automatisk oppdatering, er antivirusprogram, operativsystem, nettlesarar og andre program som er kritiske for tryggleiken eller spesielt utsette.

Programvare som bør oppdaterast regelmessig, er alle program der det ikkje er kritisk for tryggleiken om ein sjekkar etter oppdateringar kvar gong maskina startar, eller kvar gong programmet blir brukt, men som likevel bør oppdaterast regelmessig for å få med feilrettingar og nye funksjonar. Dette gjeld dei fleste vanlege brukarprogramma, som til dømes kontorstøttesystem.

Programvare som ikkje krev oppdatering, er ofte spesialprogram eller program som ikkje kommuniserer via Internett. For slike program kjem det vanlegvis heller ikkje tryggleiksoppdateringar, og eventuelle oppdateringar blir gjerne gjorde i samband med nye versjonar.

Når du har identifisert kva behov for oppdatering ulike program har, må du konfigurere dei programma som krev automatisk oppdatering for dette. I planen bør det stå kva program dette gjeld, og kor ofte du skal kontrollere at alle oppdateringar blir installerte. For maskiner som står som datatenarar, bør dette helst gjerast kvar veke, medan for brukarmaskiner kan kontroll kvar månad eller kvart kvartal vere nok.

For program som ikkje krev regelmessig oppdatering, lagar du ein plan for kor ofte du skal sjekke om det er kome oppdateringar. Det kan variere for ulike program, så det bør vere mogleg å skrive inn i planen når siste oppdatering blei gjort.

Til sist bør planen innehalde ei oversikt over når du skal sjekke om det er kome nye versjonar av program som ikkje krev oppdatering.

Fornye gamle program

Det er viktig å vere klar over at produsenten før eller seinare stansar oppdateringa av gamle programversjonar. Microsoft annonserte til dømes at kundestøtta for Windows XP blir avslutta den 8. april 2014. Etter denne datoen kjem det ikkje fleire tryggleiksoppdateringar, og maskiner som bruker dette operativsystemet, må anten kasserast eller oppgraderast med eit nyare operativsystem dersom tryggleiken skal sikrast.

Dette er vanlegvis ikkje noko problem sidan dei fleste maskiner blir skifta ut før programma blir så gamle at ein sluttar å oppdatere dei. Men i nokre tilfelle blir maskiner brukte til dedikerte oppgåver som ikkje krev at dei blir oppgraderte. Eitt døme er i prosessindustrien, der den einaste oppgåva til ei maskin kan vere å styre ei produksjonsmaskin, eller på eit lager der maskina ikkje gjer noko anna enn å ta imot og skrive ut pakkelister.

Dersom slike maskiner har ei kopling mot Internett, må dei skiftast ut eller oppgraderast dersom programprodusenten sluttar å kome med tryggleiksoppdateringar.

Du bør lage ein oppdateringsplan for den programvara verksemda bruker.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik