Hopp til innhald

Fagstoff

Halde Windows pc-ar oppdaterte

Windows kan ha veikskapar som kriminelle kan utnytte for å få tilgang til maskina. Når ulike veikskapar blir oppdaga, sender Microsoft ut ei oppdatering som rettar problemet gjennom ein funksjon som blir kalla Windows Update.
Ungdomsgutt som datahacker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfigurere Windows Update

Du opnar Windows Update frå kontrollpanelet eller ved å klikke på startknappen og skrive Windows Update i søkjefeltet.

Frå Windows Update-vindauget kan du

  • søkje etter nye oppdateringar
  • endre innstillingane for korleis oppdateringar skal lastast ned og installerast
  • sjå ein logg over kva oppdateringar som er installerte tidlegare
  • gjenopprette eventuelle skjulte oppdateringar

Søkje etter nye oppdateringar

Dersom du er usikker på om ei maskin er oppdatert, kan du be Windows om å sjå etter nye oppdateringar. Dette bør du gjere dersom

  • Windows akkurat er blitt installert eller installert på nytt på maskina
  • maskina ikkje har vore i bruk på ei stund
  • maskina ikkje har vore kopla til Internett på ei stund
  • automatiske oppdateringar har vore slått av
  • dersom du er usikker på om maskina er oppdatert
Windows leter etter oppdateringer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endre innstillingar for Windows Update

Når datamaskina er kopla til Internett, kan Windows automatisk sjå etter nye oppdateringar og installere dei. Dersom det ikkje er spesielle grunnar for det motsette, bør denne funksjonen alltid vere slått på.

I tillegg til oppdateringar for Windows kan Update også søkje etter oppdateringar til andre Microsoft-program som til dømes Microsoft Office. Då må det vere huka av for valet «Microsoft Update».

Oppdateringsloggen

Du kan sjekke kva oppdateringar som er installerte på maskina ved å velje «Vis oppdateringslogg».

Oppdateringslogg i Windows
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til å vise kva oppdateringar som er installerte, viser loggen også om installasjonen var vellykka eller mislykka, kor viktig han er og datoen då han blei installert.

Det kjem nye oppdateringar kvar månad, så dersom loggen viser at det ikkje er installert nokon oppdateringar på fleire månader eller at nokon av oppdateringane var mislykka, er det eit teikn på at noko er gale.

Dersom det ikkje er spesielle grunnar for det motsette, bør Windows Update alltid vere konfigurert til automatisk å laste ned og installere oppdateringar.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik