Hopp til innhald

Fagstoff

Halde pc-en oppdatert

Veikskapar i operativsystem, nettlesarar og anna programvare kan utnyttast av personar som ønskjer å få tilgang til data som ligg på maskina, til å installere uønskte program eller til å ta over kontrollen over maskina.
Hacking
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tryggleikshol

Slike veikskapar blir gjerne kalla for tryggleikshol, og programvareprodusentane kjem derfor med regelmessige oppdateringar som «tettar hola» etter kvart som dei blir oppdaga.

Alle oppdateringar har ikkje nødvendigvis med tryggleik å gjere, men det er uansett svært viktig å halde operativsystemet oppdatert.

Windows har ein innebygt funksjon kalla Windows Update som automatisk lastar ned og installerer oppdateringar via Internett. Denne funksjonen bør vere slått på.

Mac OS (frå versjon 10.5) søkjer automatisk etter nye oppdateringar når maskina er kopla til Internett, men som standard blir du først spurd om du vil installere oppdateringa.

Les meir om korleis du held Windows pc-ar oppdaterte her.

Les meir om korleis du held Apple Mac-maskiner oppdaterte her.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik