Hopp til innhald

Fagstoff

Overvaking av tilsette

Datasystem og nettverk gir arbeidsgivarar høve til å overvake korleis dei tilsette bruker datamaskinene til verksemda, men det er reglar for kva det er lov til å overvake, og korleis det skal gjerast.
Øye som overvåker databrukere
Opne bilete i eit nytt vindauge

Automatiske loggfunksjonar

Dei fleste datasystem har høve for automatiske loggfunksjonar, og dei er ofte nødvendige av omsyn til tryggleiken.

Det er derfor lov til å registrere kven som har prøvd å logge seg på, og om det blei godteke eller ikkje. Det er også vanleg å logge internettaktivitet, utskrifter og kven som til kvar ei tid bruker ulike filer og program.

Slike loggar kan brukast til systemadministrasjon og tryggleik, men dersom verksemda vil bruke informasjonen til noko anna, må ho først få samtykke frå dei tilsette.

Lover og reglar

Dei fleste verksemder har reglar for kva det er lov til å bruke datamaskinene og nettverket til verksemda til – til dømes at det ikkje er lov til å laste ned musikk eller filmar, installere program, surfe på bestemte typar nettsider eller bruke maskina til private føremål.

Arbeidsgivar kan overvake at reglane ikkje blir brotne, men overvakinga skal skje på gruppenivå og ikkje på personnivå. Det vil seie at arbeidsgivar skal kunne få sjå om reglane blir brotne, men ikkje kven som bryt dei.

Arbeidsgivaren skal deretter gi dei tilsette beskjed om at det vil bli kontrollert kven som bryt reglane dersom aktiviteten ikkje tek slutt innan ein gitt frist. Dersom regelbrote held fram, kan arbeidsgivar bruke loggane til å finne ut kven som står bak, utan samtykke frå dei tilsette.

Arbeidsgivaren kan ikkje utan vidare kartleggje kor mykje tid kvar enkelt tilsett bruker på Internett, eller kva internettsider som blir besøkt. Loggane kan til dømes ikkje brukast til overvaking av dei tilsette til bruk ved oppseiingar. Slik bruk av loggopplysningar skal meldast til Datatilsynet.

Lenkje: Kan arbeidsgiveren overvåke det arbeidstakeren gjør på Internett?

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik