Hopp til innhald

Fagstoff

Tryggleikskopiering

For å sikre at data ikkje går tapt, må det finnast gode rutinar for tryggleikskopiering, og det må vere nokon som er ansvarleg for at rutinane blir følgde.
En finger trykker på en knapp på en laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tap av data

Tap av data kan ha mange ulike årsaker:

  • feil på lagringsmedia – for eksempel harddiskkrasj
  • fysisk skade på lagringsmedia – for eksempel brann eller vasskade
  • tjuveri av maskinene eller lagringsmedia
  • sletting ved eit uhell, uforsiktigheit eller manglande kunnskapar – for eksempel at ein brukar slettar ei fil i staden for å flytte henne
  • medviten sletting
  • datavirus

For å kunne verne mot alle typar datatap må vi stille nokre krav til tryggleikskopiane og rutinane for tryggleikskopiering:

  • Tryggleikskopiering må gjerast regelmessig.
  • Vi må ha tryggleikskopiar som gjer det mogleg å gjenopprette gamle data tilbake i tid.
  • Tryggleikskopiane må ikkje lagrast i lag med originaldataa.
  • Vi må ha eit system som gjer det mogleg å finne tilbake til gamle sikkerheitskopiar.

I tillegg treng vi også ein rutine for å kopiere tilbake data frå ein tryggleikskopi.

Utstyr for tryggleikskopiering

Tryggleikskopiering kan i utgangspunktet gjerast til alle typar lagringsmedium, og det finst i tillegg nettbaserte tenester. Men ikkje alle lagringsmedium er like godt eigna for tryggleikskopiering.

Cd eller dvd

Cd-ar eller dvd-plater kan brukast til enkel tryggleikskopiering. Platene er rimelege og enkle å oppbevare, men lagringskapasiteten er avgrensa. Dette kan likevel vere ei grei løysing for frittståande maskiner eller når datamengdene er små.

Minnepinnar

Minnepinnar kan brukast til å kopiere viktige data, men dei er lite eigna for regelmessig tryggleikskopiering. Kapasiteten er større enn for cd-ar og dvd-plater, men han er framleis avgrensa. Det kan likevel vere eit alternativ for frittståande maskiner.

Ekstern harddisk

Ein ekstern harddisk har like god kapasitet som interne harddiskar, og overføringa av data er rask og enkel. Mange eksterne harddiskar kjem også med eigne program for tryggleikskopiering. Ulempa er at det fort blir kostbart når ein må ta vare på mange tryggleikskopiar for å kunne gjenopprette filer tilbake i tid.

Datakassettar/band

Datakassettar/band er som regel det beste alternativet for tryggleikskopiering av tenarar i nettverk. Banda er spesielt laga for tryggleikskopiering, har stor lagringskapasitet og er enkle å oppbevare. Denne metoden krev at ein har ein eigen bandstasjon (streamer).

Nettbasert tryggleikskopiering/skylagring

Fleire leverandørar tilbyr nettbasert (online) tryggleikskopiering over Internett, og nokre programvareprodusentar tilbyr også nettbasert tryggleikskopiering som ein integrert del av programma sine.

Ved nettbasert tryggleikskopiering blir ein kopi av dataa som skal kopierast, send til ein tilbydar som lagrar dei i eit datasenter. Ein betaler for den mengda data ein lagrar.

Ei slik løysing krev ikkje noko anna enn ein internettilgang, men han kan ha nokre andre tryggleiksutfordringar, blant anna fordi konfidensielle data regelmessig må sendast via Internett. Vidare må vi stole på at tilbydaren vernar dataa tilstrekkeleg mot tjuveri og uautorisert innsyn, og at dei ikkje går tapt dersom det skjer ei ulykke hos tilbydaren.

Avgrensa varigheit

Kor lenge digitale lagringsmedium som cd-ar, dvd-ar, harddiskar, minnepinnar og datakassettar varer, er avgrensa. Etter ei tid blir dei anten uleselege eller mistar evna til å halde på data. Dei fleste produsentar tilrår at ein les data over på nye medium innan fem–ti år.

Oppbevaring av tryggleikskopiar

Tryggleikskopiar må oppbevarast på ein måte som gjer at dei ikkje går tapt samtidig som originaldataa, til dømes ved brann. I praksis vil det seie at dei fysisk må lagrast på ein annan stad, og då helst i eit anna bygg, enn originaldataa.

Når det ikkje er mogleg, kan vi bruke eit brannsikkert skap som blir plassert ein annan stad i det same bygget. Det finst også brannsikre koffertar og andre løysingar for trygg oppbevaring.

Tap av data kan skje på mange ulike måtar. Rutinane for tryggleikskopiering må verne mot dei alle.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik