Hopp til innhald

Fagstoff

Realismen: litterær epoke og litterær stil

Realisme er eit omgrep som er knytt til ulike litteraturhistoriske periodar frå midten av 1800-talet og fram til i dag. I tillegg bruker vi ordet om ein skrivestil og om eit syn på forholdet mellom kunst og røyndom.

Eit epokeomgrep

I snever tyding er realisme eit omgrep som vert brukt om den litteraturen som dominerte i Noreg frå rundt 1870 og til midt på 1880-talet. Litteraturen frå denne perioden vert òg kalla kritisk realisme fordi det var eit viktig mål for forfattarane på den tida å setje søkjelyset på kritikkverdige samfunnsforhold.

Som litterært straumdrag, det vil seie som skrivemåte og ideal for forfattarar, har realismen vore viktig frå midten av 1800-talet og heilt fram til i dag. Samtidig har den realistiske skrivemåten sjølvsagt utvikla seg over tid, og vi finn derfor ulike typar «realismar» knytte til ulike tidsperiodar.

Ulike typar realisme

  • Poetisk realisme: Namn brukt om ein del litteratur i perioden 1850-1870 som hadde både romantiske og realistiske trekk.

  • Kritisk realisme: Brukt om litteraturen 1870-1880 som sette problem under debatt og hadde realistisk skrivestil (sjå under).

  • Nyrealisme: Frå 1900-1930 vart det gitt ut ei rekke realistiske romanar. Mange av desse handla om vanskelege etiske val.

  • Sosialrealisme: På 70-talet var mange forfattarar politisk engasjerte på venstresida. Dei skreiv litteratur som skulle engasjere lesarane politisk.

Ein forteljemåte

Omgrepet realisme vert òg brukt som nemning på ein forteljemåte der mimesis, som ein kan omsetje med imitasjon eller etterlikning, står sentralt. Den realistiske litteraturen prøver å etterlikne røyndommen, skildre han som om ein speglar han. Ein under-liggjande premiss bak ein slik forteljemåte er trua på at ein kan «nå» røyndommen gjennom språket. Gjennom språket kan ein framstille verda «slik ho er».

Å etterlikne røyndommen

I videoen med Tore Renberg (øvst) fortel han om korleis han med litteraturen sin ønsker å etterlikne røyndommen ved å skrive nesten dokumentarisk. Litteraturen etterliknar historieskrivinga, og handlinga blir ofte lagt til samtida for at lesarane skal kjenne seg igjen. Ved å imitere røyndommen vil forfattarane klare å skape ein illusjon om at diktninga er verkelegheit.

Eit eksempel

Les sceneanvisninga til Henrik Ibsens drama Vildanden under. Korleis skriv Ibsen for å skape ein illusjon om at Hjalmar Ekdals atelier er verkeleg?

Hjalmar Ekdals atelier. Rommet, der er temmelig stort, ses å være et loftsværelse. Til høyre er der skråtak med store glassruter halvt tildekket av et blått forheng. Oppe i hjørnet til høyre er inngangsdøren; foran på samme side en dør til dagligstuen. På veggen til venstre er likeledes to døre og mellem disse en jernovn. På bakveggen er en bred dobbeltdør, innrettet til å skyte til sidene. Atelieret er tarvelig, men hyggelig innrettet og utstyrt. Mellem dørene til høyre litt fra veggen, står en sofa med et bord og noen stole; på bordet en tent lampe med skjerm; i ovnskroken en gammel lenestol. Forskjellige fotografiske apparater og instrumenter står oppstilt hist og her i rommet. Ved bakveggen til venstre for dobbeltdøren står en reol, hvori noen bøker, esker og flasker med kjemiske stoffer, forskjellige slags redskaper, verktøy og andre gjenstande. Fotografier og småting, som pensler, papir og lignende ligger på bordet. (Ibsen, 2005, s. 25)

Forslag til løysing

Sceneanvisninga er lang og detaljert. Ibsen beskriv atelieret så nøye at lesaren kan sjå det for seg, noko som skaper ein illusjon av at dette rommet eksisterer i verkelegheita. Vildanden er eit drama, dermed er det skrive for å bli framført på ei scene. Sceneanvisninga gir dermed sterke føringar for korleis rommet på scena skal sjå ut. Årsaka er at Ibsen ønsker at teaterpublikummet skal sjå eit rom dei kan kjenne igjen frå det verkelege livet.

Miljø- og personskildring som verkemiddel

Nettopp denne imitasjonen, det å skildre røyndommen så objektivt og nøkternt som mogleg, har vore omtalt som eit ideal for realistisk kunst. Derfor finn ein i realistiske tekstar ofte mange konkrete og detaljerte miljø- og personskildringar. Gjennom bruk av tredjepersonsforteljar får lesarane innblikk i det indre livet til karakterane. Og gjennom detaljerte skildringar av ytre detaljar, gestar og kroppsspråk får lesaren ei oppleving av at «dette kan ha skjedd»! Eit heilt sentralt trekk ved den realistiske litteraturen er nemleg at lesaren skal kjenne igjen det som vert skildra.

Kjelder


Ibsen, H. (2005). Vildanden. Skuespill i fem akter. (2. Utg.) Gyldendal

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken, Jorunn Øveland Nyhus og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Kva er realisme?