Fagstoff

Ekskresjon hos virveldyr

Publisert: 29.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Bever med kort nyrekanal

Alle virveldyr har nyrer som sørgjer for å skilje ut avfallsstoff, og som held væskebalansen og konsentrasjonen av løyste stoff ved like. Nyrene består av mange ekskresjonsrøyr, nefron, der urinen blir produsert. Hos menneske er det cirka 1 million nefron i kvar nyre.

Forstørret kapillærnøste i Bowmans kapselFiltrering i Bowmans kapsel. Protein og blodceller blir haldne tilbake, mens vatn og små molekyl passerer over til nefronkanalen.     

 

 

 

Tegning av nyre hvor et nefron er forstørret.Teikna snitt gjennom ei nyre. I nyrene blir nesten alt vatnet og dei nyttige stoffa tilbakeførte til blodet, mens avfallsstoff og overskotet av ion blir skilde ut i den ferdige urinen.       

 

 

 

En ørkenrev med påtegnet nyrekanal.Ørkenreven har avgrensa tilgang på vatn, men med ekstra lang nyrekanal kan han reabsorbere mykje vatn og skilje ut konsentrert urin.  

Urinproduksjon

Urinproduksjonen startar ved at det blir danna eit filtrat av blodet. Ein liten arterie leier blod til kvart nefron der arteriolen blir splitta opp til eit nøste av blodkapillar. Blodtrykket pressar væske over til Bowmans kapsel, som utgjer starten av kvart nefron. Filtratet blir deretter leidd gjennom nefronkanalane der samansetjinga til væska endrar seg sterkt gjennom aktiv sekresjon og reabsorpsjon.

Konsentrasjonen av løyste stoff i urinen

Alle virveldyr er i stand til å lage ein urin der konsentrasjonen av løyste stoff er like stor eller lågare enn konsentrasjonen i blodet. På den måten kan dei kvitte seg med eit overskot av vatn.

Nærbilde av henles sløyfe hvor vann nyttige stoffer reabsorberes fra preurinen.Reabsorpsjon og sekresjon skjer hovudsakleg i dei proksimale og distale tubili. Henles sløyfe sørgjer for å danne ein konsentrasjonsgradient som gjer det mogleg å reabsorbere vatn frå samlekanalane og dermed oppkonsentrere urinen.Berre fuglar og pattedyr er i stand til å produsere ein urin som har ein høgare konsentrasjon av løyste stoff enn kva blodet har. Dette er mogleg fordi nefrona har eit motstraumsprinsipp som ved behov kan bli brukt til å auke konsentrasjonen av løyste stoff i urinen. På denne måten kan dei kvitte seg med eit overskot av ion.

Dei gruppene av virveldyr som ikkje er i stand til å oppkonsentrere urinen, må ha andre mekanismar for å kvitte seg med overskotet av ion. Hos fisk som lever i saltvatn, skjer dette via gjellene, mens krypdyr og marine sjøfuglar har spesialiserte saltkjertlar.

Konsentrasjonen er tilpassa miljøet

Hos pattedyr er evna til å oppkonsentrere urinen sterkt knytt til det miljøet dei lever i. Menneske kan produsere ein urin der konsentrasjonen av løyste stoff er omtrent fire gonger høgare enn i blodplasmaet, mens ørkenlevande dyr kan produsere ein urin som er opptil 30 gonger meir konsentrert enn blodplasmaet. Dei kan dermed minimalisere vasstapet. Dyr som lever i ferskvatn, slik som bever, treng ikkje å spare på vatnet og har lita evne til å oppkonsentrere urin.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff