Fagstoff

Om dette kapittelet

Publisert: 11.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kjenner du att forfattarane?

Denne kollasjen viser portrett av sju kjende norske forfattarar. Veit du namna deira? Og veit du om dei høyrer heime i den romantiske eller realistiske tradisjonen?

Bildekollasj med sju portretter av kjente forfattere fra 1850-tallet og fram til i dag.  

Innhald

Eit sentralt læreplanmål for Vg3 er at du skal kunne

  • analysere, tolke og samanlikne eit utval sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng 

I dette kapittelet finn du lærestoff, videoklipp, tekstar og oppgåver som dekkjer to viktige litterære tradisjonar – romantikk og realisme – på ein grundig måte. Det tredje litterære strøymdraget som du kan lese om på NDLA, modernismen, har fått eit eige kapittel.

Slik er kapittelet bygt opp

Fagstoffet er delt inn i ni delkapittel. Først får du ein presentasjon av omgrepa romantikk og realisme, og deretter følgjer vi litteraturhistoria og kulturhistoria kronologisk.

Arbeidsmengd

Du får neppe tid til å løyse alle oppgåvene i kapittelet. Læraren din set sikkert opp ein plan for arbeidet. I tillegg kan du kanskje velje nokre tekstar sjølv?

  1. Romantikken
  2. Realismen
  3. Poetisk realisme
  4. Det moderne gjennombrottet – kritisk realisme
  5. Naturalismen
  6. Nyromantikken
  7. Nyrealismen – ein etisk realisme
  8. Sosialrealisme og magisk realisme
  9. Hysterisk realisme og kampen om røynda

 

Fagstoff og oppgåver

Kvart delkapittel er organisert på følgjande måte:

Tips

Les introduksjonstekstane til alle oppgåvesidene i kapittelet. På denne måten får du skaffa deg god oversikt over sentrale litterære tradisjonar og forfattarskap.

  1. Fagstoff
  2. Oppsummeringsspørsmål til fagstoffet
  3. Ei eller to oppgåver der du kan fordjupe deg i fagstoffet og arbeide med relevante tekstar
  4. Eit temaoppdrag der du jobbar litt breiare med eit relevant emne. Her kan du finne tekstar frå ulike periodar, men temaoppdraga tek utgangspunkt i ein kjernetekst eller ein forfattar frå delkapittelet.