Rettleiing

Det kompliserte språket

Publisert: 21.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Begreper herbarium

Naturfagleg kunnskap handlar om språk. Språket er eit verktøy for tanken og det verktøyet som vi bruker til å formidle kunnskap. Kunnskap om det naturfaglege språket er derfor ein viktig føresetnad for å kunne lære faget.

Mange synest det naturfaglege språket er vanskeleg. Sonja Mork og Wenche Erlien har teke føre seg det særeigne ved det naturfaglege språket og peiker på fleire forhold det er viktig å kjenne til. Punkta under er henta frå denne gjennomgangen og gir nokre få kommentarar til særtrekka ved det naturfaglege språket.

Naturfaglege ord

Veiledningssamtale. foto.For å skjønne eit innhald må ein forstå kva orda tyder. I det naturfaglege språket har vi fleire ulike ordtypar. Vi snakkar gjerne om eit ordhierarki med stigande vanskegrad. På nivå 1 ligg beskrivande ord, for eksempel namn på blomar (engsoleie) eller verktøy/utstyr (reagensrøyr). På nivå 2 kjem prosessorda. Dette er ord som beskriv ulike prosessar (synlege og usynlege), og som representerer eit høgare abstraksjonsnivå (frøspiring, evolusjon). På nivå 3 kjem omgrepa. Dette er ord som beskriv idear, førestillingar og prinsipp, og som utgjer ei stor ordgruppe i naturfag (surt/salt, organ/energi, atom/elektron). På toppen av hierarkiet, på nivå 4, kjem matematiske ord og symbol som representerer svært konsentrert og presis innsikt, for eksempel π og Ω.

I tillegg til dette er det òg ein del daglegdagse ord og uttrykk som blir brukte i naturfaglege tekstar, men som har ei meir presis og definert tyding i naturfag enn i daglegtalen. Dette kan òg medverke til å gjere det naturfaglege språket tyngre og mindre tilgjengeleg for mange.

Logiske koplingar

Bindeord eller logiske koplingar blir mykje brukte i naturfaglege tekstar. Dette gjer ein for å binde saman idear, meiningar og setningar. Somme koplingar uttrykkjer samanlikningar, andre framhevar kontrastar. I mange naturfaglege tema er sekvensar og årsak/verknad (kausalitet) viktige moment. Her nyttar ein logiske koplingar for å få fram samanhengane. Eksempel på slike logiske koplingar eller bindeord kan vere alternativt, derfor, samanlikna med, tilsvarande.

Nominalisering

Serie- og parallellkobling: Enkel elektrisk krets.Dette er ei elektrisk kopling. Naturfaglege tekstar tek sikte på å formidle mykje informasjon på liten plass. Eit av triksa for å få til dette er å «nominalisere», det vil seie å lage substantiv av andre ord, ikkje minst av verb og adjektiv. For eksempel blir «å kople til» gjort om til «kopling», «å argumentere» blir «argumentasjon». For verb bruker ein ofte endingane -ing og -sjon. For adjektiv bruker ein endingar som -leik og -tet (treg – tregleik, elektrisk – elektrisitet).

Når tekstane blir meir fagspesifikke, aukar ofte informasjonstettleiken i teksten, og jo meir nominalisering finn vi.

Omgrep

Mange uttrykk og omgrep blir brukte ved artsbestemming av plantar.
Leverandør: NRK
Omgrep er ein omfattande og sentral del av alle naturfaglege tekstar. Omgrep er fortetta, abstrakte beskrivingar, forklaringar eller idear. Omgrep kan ein gjerne ikkje forstå isolert for dei høyrer til eit nettverk av andre ord og uttrykk som er knytte til fagområdet. Det å forstå omgrep byggjer ofte på ei grunnleggjande forståing av andre omgrep. For eksempel kan ein ikkje forstå proteinsyntesen utan ei grunnleggjande forståing av oppbygginga til DNA-molekylet. Å lære omgrep er ein heilt grunnleggjande del av naturfagsopplæringa.

Atterhald

I naturfaglege tekstar er det ikkje alltid lett (eller mogleg) å ta skråsikre standpunkt. Forfattarane av slike tekstar tek derfor ei rekkje atterhald gjennom språkbruken. Dette gjer dei både for å vere forsiktige, av diplomatiske årsaker (respekt for standpunkta til kollegaene) og for å kunne framstille samanhengar med ønskt presisjon. Atterhald uttrykkjer ein mellom anna gjennom «ein tendens til», «indikerer» eller «tyder på» i staden for meir bastante uttrykk som «det er» og «det viser».

Mork og Erlien (2010) viser til at kunnskap om det naturfaglege språket kan støtte læring i naturfag på fleire måtar. Språkleg forståing er nødvendig for å lære faglege omgrep og grammatiske mønster, for å lære det som kjenneteiknar naturfagleg språk, og for å kunne lese, snakke og skrive det naturfaglege språket i ulike situasjonar. Naturfagleg språk må lærast og praktiserast!

Kjelder

Språk og digitale verktøy i naturfag 1 , Language and literacy in science education 2 .

Tabell: klassifisering av ord i naturfag

Kjelde: Sonja Mork og Wenche Erlien, omarbeidd frå Wellington og Osborne.

 Nivå 1
 Beskrivande ord
 Eksempel
 1.1 Kjende objekt, nye namn engsoleie
 1.2 Nye objekt, nye namn reagensrøyr
 1.3 Namn på grunnstoff og kjemiske sambindingar H, O2, H2O
 1.4 Andre klassifiseringssystem familie, slekt, art
   
 Nivå 2 Prosessord Eksempel
 2.1 Kan definerast ved synleggjering/eksemplifisering frøspiring, fordamping, smelting
 2.2 Vanskelege å definere ved synleggjering/eksemplifisering evolusjon, fusjon
   
 Nivå 3 Omgrep Eksempel
 3.1 Tileigna gjennom erfaring (sansing) surt, salt
 3.2 Med fleire tydingar (kvardagstydinga og naturvitskapleg tyding) organ, energi, kraft, salt
 3.3Teoretiske konstruksjonar (totalt abstrakt, idealisering) atom, elektron
   
 Nivå 4 Matematiske «ord» og symbol Eksempel
   Ω,≠,∞,µ

 

Relatert innhald

Generelt