Fagstoff

Å skaffe seg partnar

Publisert: 19.08.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Svaner

Alle dyreartar har ei ibuande drivkraft til å skaffe seg ein partnar og få avkom. Det viktigaste er nemleg å få vidareført sine eigne genar til neste generasjon. I dyreverda er det ufatteleg mange ulike strategiar for å skaffe seg ein partnar. Somme eigenskapar og trekk har utvikla seg ved at dei har blitt føretrekte av det motsette kjønnet, mens andre eigenskapar har utvikla seg fordi dei aukar sjansen for å vinne ein fysisk kamp der "premien" er paring. Denne forma for seleksjon går under namnet seksuell seleksjon.

To reinsbukker i slåsskampTo reinbukkar måler krefter under brunsten. 

"Nothing in biology makes sense except in the light of evolution"

Theodosius Dobzhansky

 

Blåfotsuler i paringsdans. Dei blå føtene blir flittig brukte i dansen. 

Dobbeltbekkasin som spiller på lek.Dobbeltbekkasin er ein av fire artar i Noreg der hannane møtast til leik og spel. Her signaliserer dei styrken sin overfor moglege konkurrentar samtidig som dei gjer seg meir attraktive for hoene. 

"[...] the advantage which certain individuals have over others of the same sex and species, in exclusive relation to reproduction"

Charles Darwin

Lyrehale som synger Video: Lydane til den fantastiske lyrehalefuglen. 

Seksuell seleksjon

Seksuell seleksjon dreier seg om fordelen enkelte individ har over andre individ av det same kjønnet og av den same arten når det gjeld å vere attraktiv som partnar og forelder til avkom. Seksuell seleksjon er ei form for naturleg seleksjon, men omfattar berre trekk som har blitt favoriserte gjennom auka tilgang på seksuelle partnarar og vellykka formeiring. Trekka kan vise seg både i åtferd og morfologisk og gjerne som ein kombinasjon av begge to. Vi skal her hovudsakleg ta føre oss dei som gjeld åtferd.

To typar seksuell seleksjon

Seksuell seleksjon deler vi inn i to typar: intraseksuell seleksjon og interseksuell seleksjon. Intraseksuell seleksjon er trekk som aukar sjansen for å vinne i ein konkurranse der ein konkurrerer om tilgangen på det motsette kjønnet. Dette går først og fremst føre seg mellom hannar sidan hoene ofte er ein avgrensa ressurs fordi dei produserer få egg i forhold til spermiane til hannane. Interseksuell seleksjon er seleksjon av trekk som det motsette kjønnet favoriserer. Her er det mest vanleg at hoene vel mellom hannane. Sjå albatrossar i paringsdans.

Konkurranse om partnar

Det er vanleg hos ei rekkje dyreartar at hannane konkurrerer og slåst om hoene eller om stader som hoene føretrekkjer. Dette kan gå føre seg i form av for eksempel biting, stanging og sparking, men mange kampar blir òg avgjorde utan direkte fysisk kontakt. I mange tilfelle vurderer hannane kvarandre og avgjer sigerherren på den måten. Parallellgonge er kjent hos fleire hjortedyr. Då går hannane ved sida av kvarandre og vurderer styrken og uthaldet til kvarandre.

Elefant seler som slåss om hunnens gunst Elefantselane kjempar om hoene gjennom kamp. Hannane kastar seg mot kvarandre for å bestemme kven som får bli, og på den måten klatre i hierarkiet og slik bli den som hoene føretrekkjer.

Valg av partnar

Hos dei fleste dyreartane er det hoene som vel blant hannane. Hoene kan berre føde eit visst tal med ungar per tidseining, mens hannane kan befrukte mange hoer i den same perioden. Dette gjer hoene til ein avgrensa ressurs. Ettersom hoa investerer mykje meir tid og energi i å formeire seg, er ho tent med å vere kresen. Det er derfor viktig å ha preferansar å gå etter slik at ho kan velje hannar av høg kvalitet som aukar sjansen for at genane blir førte vidare.

Som ei følgje må hannane vise kvaliteten sin på ein eller annan måte. Dette kan vere i form av ulike åtferder som song, spel, gåver, hopp og spesielle paringsdansar.

Lyrehalefuglen som lever sør i Australia, ryddar og held ved like ein open spelplass. Her har hannen oppvisning for å tiltrekkje seg potensielle partnarar. Oppvisninga består av ulike spelåtferder og song i tillegg til at han viser fram  den flotte stjertpryden sin.
Lyrehalefugl som fremviser den flotte stjerten Lyrehalefuglen er kanskje den beste imitatoren i dyreverda. Han har eit rikt repertoar med ei blanding av eigen song og lydar som han hermar etter. Desse kan vere alt frå andre fuglar, motorsag, hundebjeffing og babygråt.

Relatert innhald

Aktuelt stoff for