Hopp til innhald

Fagstoff

Måtar å lage til poteter på

Poteter er eit metningsgarnityr som har vore mykje brukt i Noreg til fisk- og kjøtrettar. Poteter eignar seg ikkje til å etast rå, dei må lagast til på ein eller annan måte. Her presenterer vi hovudmåtane å lage til poteter på, og går nærare inn på baking, damping og koking.

Bakte poteter

Poteter kan bakast i omnen på ca. 190 °C til dei er mjuke. Tida varierer etter storleik og potetsort.

Baking av potet. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Variantar av bakte poteter

Bakt potet med gressløk. Foto.
  • bakte poteter
  • fylte bakte poteter
  • hasselbackpoteter

Variantar av fylte bakte poteter

  • cendrepoteter
  • macairepoteter
  • surprisepoteter

Dampkokte poteter

Poteter kan dampast i kjele med damprist, dampskap eller kombidampar.

Dampkoking av potet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Variantar av dampkokte poteter

bilde av persillepoteter
  • dampkokte poteter
  • dampkokte poteter med skal
  • dampkokte persillepoteter

Kokte poteter

Koking av poteter kan gjerast i vatn eller i buljong. Etter at potetene er ferdig kokt, slår vi av vatnet og set kjelen tilbake på plata utan lok for å dampe vekk mest mogleg væske.

Koking av poteter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Variantar av poteter kokt i buljong

bilde av Raspeball med røkt svineknoke og vossakorv
  • buljongpoteter
  • olivenpoteter

Variantar av poteter kokt i vatn

  • dillpoteter
  • kokte poteter
  • myntepoteter
  • persillepoteter
  • potetpuré
  • poteter på engelsk måte
  • raspeballer
  • stua poteter

Relatert innhald

Vi kan videreforedle poteter på mange ulike måtar. I denne videoførelesinga får du kjennskap til nokre ulike metodar du kan nytte.

Smak, utsjånad, konsistens og storleik varierer mellom ulike potetsortar. Dei ulike sortane har også ulike eigenskapar når det gjeld dyrking og lagring.

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Potet