Hopp til innhald

Fagstoff

Den viktige sperregrensa

For dei partia som duppar rundt ei oppslutning på 4 prosent før stortingsvalet, er valkampen særs viktig. Men kva skjer med eit parti som kjem under sperregrensa? Det er ikkje slik somme trur, at partia blir sperra ute frå Stortinget.
en person putter stemmeseddel i valgurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er saka:

Sperregrensa i Noreg er på 4 prosent.

Har partiet ei mindre oppslutning enn dette, får det ikkje tilgang på utjamningsmandat.

Fleire parti ligg farleg nær sperregrensa.

Det kan få veljarane til å stemme taktisk.

Sperre for kva?

Eit parti kan vinne fylkesmandat sjølv om landsoppslutninga til partiet er under sperregrensa. Partia som hamnar under sperregrensa, får likevel ikkje vere med i konkurransen om dei 19 tilleggsmandata.

Stortinget er sett saman av 150 distriktsmandat og 19 utjamningsmandat. Både folketalet og arealet avgjer kor mange mandat kvart valdistrikt (fylke) har i Stortinget. Utjamningsmandata, eitt i kvart fylke, går til dei partia som på landsbasis har fått fleire stemmer enn det dei har fått utteljing for i distriktsmandat.

Viss eit fylke har fem distriktsmandat og stemmene skal fordelast på sju parti, blir ein del av stemmene «til overs». Som oftast er det dei mindre partia som får utjamningsmandata, ettersom utrekningsmetoden gjer at dei blir underrepresenterte blant distriktsmandata.

Færre parti

Mange europeiske land har ei eller anna form for sperregrense. Grensa er meint å gjere det vere vanskeleg for nyskipa parti å komme inn i parlamentet. For utan ei slik sperregrense kan det lett bli svært mange politiske parti og vanskeleg å danne stabile regjeringar.

At det lønner seg å komme over sperregrensa, er tydeleg viss vi ser på korleis Stortinget er sett saman i dag. Fem av dei ni representantane til Venstre på Stortinget er valde inn på utjamningsmandat. Det same gjeld fem av dei ti KRF-representantane, to av dei ti frå SP og heile fem av syv frå SV. På Stortinget går ein stor del av arbeidet føre seg i dei tolv faste fagkomiteane. Hovudregelen er at kvar stortingsrepresentant skal sitje i éin av komiteane. Har partiet svært få representantar, får det også få komitéplassar.

Taktisk stemming

Valforskar og professor Anders Todal Jenssen ved NTNU i Trondheim er blant dei som har peika på at det å få fleire parti rundt sperregrensa kan få fleire veljarar til å stemme taktisk. I Sverige har det vore døme på at veljarar som eigentleg sympatiserer med eitt av dei store partia, stemmer på eit mindre parti for å hjelpe det over sperregrensa. I Sverige er likevel sperregrensa såkalla absolutt, det vil seie at ho også gjeld for distriktsmandata.

Men også i Noreg har det vore døme på taktisk stemming, fortel valforskar og professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot. Før stortingsvalet i 2005 spreidde det seg ein uoffisiell kampanje i ein del sosiale medium. Der fekk Høgre-veljarane det rådet at dei burde stemme Venstre for å sikre at partiet fekk 4 prosents oppslutning og dermed styrkje det borgarlege alternativet. Etter valet viste det seg likevel at dei reine Venstre-veljarane på eiga hand hadde klart å få partiet over sperregrensa. Og Høgre mista fleire mandat enn det Venstre fekk ekstra, noko som samla sett gav færre borgarlege representantar på Stortinget.

– Dette viser at ein bør kjenne systemet svært godt før ein byrjar å oppmode til slik taktisk stemming, seier Aarebrot.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Siri Marte Kværnes. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 24.08.2017

Læringsressursar

Valstoff på NDLA