Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve: Den viktige sperregrensa

Løve foran Stortinget med sperrebånd
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål til teksten «Den viktige sperregrensa».

  1. Kor stor oppslutning må eit parti ha for å komme over sperregrensa?
  2. Kva blir konsekvensane for dei partia som hamnar under sperregrensa?
  3. Kor mange tilleggsmandat konkurrerer partia om?
  4. Kva er det som avgjer kor mange mandat kvart fylke har i Stortinget?
  5. Dei fleste europeiske land har ei eller anna form for sperregrense. Kvifor?
  6. Når vart ordninga med utjamningsmandat og sperregrense innført i Noreg?
  7. Kva betyr det at eit parti «ligg på vippen»?

Bonusoppgåve

I 1952, samtidig som Noreg tok i bruk Sainte-Laguës metode for mandatutrekning, oppheva Stortinget den såkalla bondeparagrafen i Grunnlova. Finn ut kva denne regelen gjekk ut på, og kvifor han vart fjerna.

Relatert innhald

For dei partia som duppar rundt ei oppslutning på 4 prosent før stortingsvalet, er valkampen særs viktig.

CC BY-NC-SASkrive av Hege Røyert. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Valstoff på NDLA