Fagstoff

Ekskresjon hos ulike dyregrupper

Publisert: 13.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Hydra – ekskresjon

Enkelte dyregrupper kan skilje ut ion og andre avfallsstoff direkte gjennom kroppsoverflata. Dei fleste fleircella dyra har på si side spesialiserte ekskresjonsorgan som sørgjer for denne utskiljinga. Sjølv om det er stor variasjon i utforminga av ekskresjonsorgana, er prinsippet for utskiljing det same: Overskotet av ion og andre avfallsstoff frå kroppsvæska blir oppkonsentrert i eit røyrsystem og blir skilt ut gjennom ei eller fleire opningar i kroppsoverflata.

 

Eincella dyr

Video: Pulserande vakuole – væskebalanse hos tøffeldyr. Alle eincella dyr manglar ekskresjonsorgan. Hos desse skjer utskiljinga av stoff direkte gjennom cellemembranen eller ved eksocytose. Eincella dyr som lever i ferskvatn, tek opp vatn fordi cella har ein mykje høgare konsentrasjon av løyste stoff enn det omgivnadene har. Eincella dyr i ferskvatn har pulserande vakuolar som pumpar overskotet av vatn ut frå kroppen.

 

 

Virvelløse dyr

Collage av nesledyr, svamper og pigghuder.Nesledyr, svampar og pigghudingar.

Utan ekskresjonsorgan

Enkelte grupper av vasslevande virvellause dyr slik som svampar, nesledyr og pigghudingar manglar ekskresjonsorgan. Hos desse blir stoff skilde ut ved at dei blir transporterte til tarmkanalen og vidare ut til omgivnadene, eller ved at dei blir transporterte direkte ut gjennom kroppsoverflata.

 

 

 

Nefridium og malpighiske røyr

Image showing the thumbnail for content named \"Utskiljing\"  Nefridium er den vanlegaste typen ekskresjonsorgan hos virvellause dyr. Dette er røyrforma kanalar som har opningar til omgivnadene i form av porer på kroppsoverflata til dyret. Vi skil mellom to hovudtypar: protonefridium og metanefridium. Hos insekt og andre landlevande leddyr skjer ekskresjonen i eit organ kalla malpighiske røyr.

 

 

Protonefridier

Flatorm med protonefridier. Protonefridier finst hos dyr som manglar ei ekte kroppshole slik som flatormar og hjuldyr. Vanlegvis er protonefridia sterkt forgreina. Den indre enden av kvart røyr er lukka og består av ein laukforma struktur som blir kalla ei flammecelle. Flammecellene har flimmerhår som slår med kontinuerlege rørsler. Dette skaper ein væskestraum som syg vatn med avfallsstoff ut av kroppen. Røyra endar i porer på kroppsoverflata, der avfallsprodukta blir skilde ut.

 

 

 

Metanefridier

Tegning av gjennomskåret meitemark med tydelige ekskresjonsorgan. Metanefridium finst hos mange virvellause dyr, slik som hos leddormar, hos mange blautdyr og hos enkelte leddyr, som alle har ei ekte kroppshole. Desse består av ikkje-forgreina røyr som er opne i begge endar. Væska frå kroppsholrommet blir drenert inn i nefridia. Deretter blir væska transportert gjennom røyr som er slynga som er omgitte av blodkapillar, og der væskesamansetjinga blir endra. Nyttige stoff som glukose, aminosyrer og vatn blir reabsorberte, mens avfallsstoff blir skilde ut via porer på kroppsoverflata til dyret.

 

 

 

Malpighiske røyr

Bilde av maur og tegning av ekskresjonsorgan. Insekt og andre landlevande leddyr har malpighiske røyr som dannar kontakt med tarmen. Talet på røyr kan variere frå to til fleire hundre, og kvart røyr har opning inn til tarmen. Insekt er ikkje i stand til å lage eit filtrat av kroppsvæska. Nitrogenhaldige avfallsstoff og ein del andre stoff blir transporterte passivt inn i dei malpighiske røyra ved diffusjon, mens ion må overførast ved aktiv transport.

 

Teikning av indre organ hos insekt. Når væska beveger seg langs røyra, endrar væskesamansetjinga seg ved aktiv sekresjon og reabsorpsjon. Væska blir leidd til endetarmen der urin og avføring blir utskilde samla. Endetarmen er den viktigaste staden for endringar av urinsamansetjinga. Mange insekt lever i svært tørre omgivnader, og hos desse blir nesten alt vatnet i urinen reabsorbert frå endetarmen. Dette gir ei svært tørr avføring, noko som er viktig for å redusere vasstapet frå kroppen.

 

 

Sjå òg Ekskresjon hos virveldyr  

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff for