Fagstoff

Grunnprinsipp for ekskresjon

Publisert: 13.08.2013, Oppdatert: 04.08.2017
Pingviner

Hos dei fleste dyr blir det indre miljøet i kroppen regulert av nyrer eller nyreliknande organ, men òg andre organ som for eksempel hud og gjeller hjelper til. Det er store variasjonar i utforminga av ekskresjonsorgana i dyreriket. Likevel er all ekskresjon basert på to grunnprinsipp: filtrering og aktiv transport.

Video: Aktiv transport. 

Stolpediagram med to søyler.Sidan verdifulle stoff og vatn blir reabsorberte, blir urinmengda hos eit vakse menneske redusert frå 180 liter preurin til cirka 1,5 liter ferdig urin per døgn. 

En skorpion i ørkensand.Skorpion. Dyr som lever i tørre område, reabsorberer nesten alt vatnet frå ekskresjonsprodukta.

Aktiv transport er ein energikrevjande prosess der løyste stoff blir transporterte mot ein konsentrasjonsgradient. Dersom dette skjer frå kroppsvæska til ekskresjonsorganet, kallar vi prosessen aktiv sekresjon. Dyr kan på denne måten skilje ut eit overskot av bestemte ion og andre avfallsstoff. Når prosessen skjer i motsett retning, frå ekskresjonsorganet til kroppsvæska, heiter det aktiv reabsorpsjon.

Illustrasjon over hvor de ulike prosessene i urindannelsen skjerProsessar i urindanninga: I nyrene blir blodet først filtrert, og det blir danna preurin. Verdifulle stoff som sukker, aminosyrer og vitamin blir deretter aktivt reabsorberte før urinen er ferdig produsert. Det same gjeld det meste av vatnet i preurinen.Filtrering skjer ved at blodet blir pressa over ein selektivt permeabel membran. Membranen held tilbake store molekyl som protein, men tillèt fri passasje av vatn og små løyste stoff, for eksempel ion, sukker og aminosyrer.

Mange av stoffa som finst i filtratet (preurinen), er verdifulle for dyret og må ikkje gå tapt til den ferdige urinen. Hos landlevande dyr blir som regel mindre enn 1 prosent av preurinen skild ut som ferdig urin.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff