Fagstoff

Ekskresjon

Publisert: 13.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Ekskresjonsorganer

Eit dyr er i hovudsak sett saman av vatn og løyste stoff. For at cellene skal fungere optimalt, må konsentrasjonen av dei løyste stoffa vere konstant. Under forbrenningsprosessane i cellene blir det danna avfallsstoff som dyret må kvitte seg med. Det er ekskresjonsorgana som skil ut stoff og sørgjer for å oppretthalde eit stabilt indre miljø.

En struts "tisser".Ein struts tømmer seg for nitrogenhaldig avfallsstoff (urinsyre).  

Image showing the thumbnail for content named \"Transport gjennom cellemembran\"eForelesing: Transport gjennom cellemembran.   

 

Rød blodcelle i tre ulike løsninger.Dersom avfallsstoff hopar seg opp, eller dersom mengda av ion avvik frå normalen, kan dette verke som giftstoff i kroppen og føre til celledød.     

Funksjon

Dyr utvekslar stoff med det ytre miljøet dei lever i. Oppgåva til ekskresjonsorgana er å oppretthalde eit konstant indre miljø. Dette krev at det må vere ein balanse mellom den mengda stoff som dyret tek opp frå omgivnadene, og den mengda stoff som blir skilt ut.

Dei viktigaste oppgåvene til ekskresjonsorgana er å:

  • oppretthalde konsentrasjonen av løyste stoff (ioneregulering)
  • oppretthalde væskevolumet i kroppen (osmoregulering)
  • oppretthalde ein stabil pH i kroppsvæska
  • fjerne avfallsstoff frå forbrenningsprosessar i cellene
  • fjerne framande stoff

Det indre miljøet i kroppen

Kroppen til fleircella dyr er sett saman av mange celler som er omgitte av ekstracellulær væske. Dersom cellene skal fungere, må væska rundt desse ha ei stabil samansetjing av løyste stoff. Alle endringar i konsentrasjonane av løyste stoff i ekstracellulærveska vil føre til ein osmotiskOsmolaritet er eit mål for mengda oppløyst stoff i ei løysning. Jo høgare osmolaritet, jo lågare vasskonsentrasjon. OsmoseOsmose er diffusjon av vassmolekyl gjennom ein semipermeabel (halvgjennomtrengjeleg) membran frå ei løysning med høgare konsentrasjon av vatn til ei løysning med lågare konsentrasjon av vatn.Alternativ definisjon med eit uttrykk for stoffkonsentrasjon:Osmose er diffusjon av vatn gjennom ein semipermeabel membran til ei løysning med høgare osmolaritet.Osmose: Dersom ein har to løysningar med ulik osmolaritet (saltbalanse) som blir skilde ved hjelp av ein halvgjennomtrengelig membran, vil vatnet flyte gjennom membranen slik at forskjellar i konsentrasjon blir utlikna. transport av vatn over cellemembranane. Cellene vil då anten ta opp vatn og svelle eller miste vatn og skrumpe. Dette kan føre til at cellene døyr.

Under forbrenningsprosessane i cellene vil det heile tida bli danna avfallsstoff.

Ekskresjonsorgana sørgjer for at nitrogenbindingar og andre vassløyselege restprodukt kontinuerleg blir skilde ut.

Oppgåver
Relatert innhald