Fagstoff

Marinadar

Publisert: 13.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017

bilde av en kollasj med forskjellige marinader

I gamle dagar blei marinadar først og fremst brukte til å oppbevare kjøtt i. I dag bruker vi marinadar for å tilføre smak og for å la dei forskjellige syrene gjere kjøttet mørare. Vi kan få marineringsprosessen til å gå fortare ved å vende stykka i marinaden.

bilde av Marinering av hvalbiffMarinering av kvalbiff bilde av Marinering av kyllingMarinering av kylling 

Det er tre hovudtypar av marinadar:

Hurtigmarinadar

Hurtigmarinadar skal tilføre råvara ein ny smak. Denne marinadetypen blir mest brukt til fisk som skal steikjast. Marinadane er laga av sitrussaft, løk, urter, salt og krydder. Marineringstida er cirka ½ time.

Aromamarinadar

Denne gruppa av marinadar er kjenneteikna ved at eit bestemt smaksstoff er hovudelementet i marinaden. Smaksstoffet gir marinaden namn, for eksempel appelsin, raudvin eller soya. Ein aromamarinade skal tilføre råvara den bestemte smaken som kjenneteiknar marinaden. Marinaden består av olje og smakselement.

Langtidsmarinadar

Langtidsmarinadar aukar haldbarheita på råvara, samtidig som det skjer ein mørningsprosess og råvara får ei smaksendring. I denne gruppa finn vi gjerne vin- og eddiksmarinadar som er tilsette smakselement som grønsaker, urter og krydder.