Fagstoff

Kalde grunnsausar

Publisert: 13.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017

bilde av en kollasj med kalde grunnsauser

Kalde grunnsausar kan delast inn i:

  • sausar av olje/eddik
  • sausar av majones
  • sausar av crème fraîche, rømme og yoghurt
  • andre kalde sausar
  • aromatisert smør

Kalde grunnsauser  

bilde av tillaging av RødvinsvinaigretteRødvinsvinaigrettebilde av Lakserull med sennepssausLakserull med sennepssausbilde av Creme fraiche, dillost og frisk dillCreme fraiche, dillost og frisk dillbilde av en skål med CumberlandsausCumberlandsaus  

Sausar av olje/eddik

Bland to delar matolje og éin del vineddik. Til denne blandinga tilset vi litt temperert vatn for å stabilisere emulsjonen og så dei smaksstoffa og det garnityret som gir sausen smak og namn.

Sausar av majones

Bruk hurtigmiksar og køyr egga saman med dei tørre ingrediensane. Spe raskt med olje. Smak til med eddik.

Sausar av crème fraîche, rømme og yoghurt

Hovudingrediensane blir tilsette smaksstoff som krydderurter, krydder, grønsaker, vin og sitronsaft.

Andre kalde sausar

Dette er sausar som ikkje har ei felles nemning.

Aromatisert smør

Rør smøret kvitt og tilset smaksstoff. Set til avkjøling. (Smøret kan òg sprøytast ut i porsjonstoppar.)

bilde av Potetskiver dekket med hvitløkssmørKvitlaukssmør  

Relatert innhald

Aktuelt stoff for