Fagstoff

Transport av oksygen og karbondioksid i blodet

Publisert: 07.08.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Oksygen og karbondioksid

Nesten all oksygentransport i blodet skjer ved hjelp av respirasjonspigment. Det er òg desse som gir blodet farge, og vi omtaler dei derfor for blodfargestoff.

Tegning av alveole og celle med gassutveksling til kapillærer.Gassutveksling i alveole og vev. Gassane er reversibelt bundne og diffunderer frå høg til låg konsentrasjon. 

Kjøttdisk med rødt hvalkjøtt.Kvalar har ekstra mykje respirasjonspigment (myoglobin) i muskulaturen. Dette gir kvalkjøttet ein mørk farge. Myoglobinet gjer det mogleg for kvalene å lagre ekstra mykje oksygen når dei dykkar. 

Et kretsløp hos pattedyr skjematisk tegnet.Blodsirkulasjon hos virveldyr med lunger. 

Karbondioksid kan transporterast på tre måtar i blodet:

  • fysisk løyst
  • bunde til hemoglobin (Hb)
  • som hydrogenkarbonat (HCO3-)

Vannkalv med påtegnet gassboble.Vasskalvar dykkar med ei luftboble under dekkvengene. Ettersom insektet forbruker oksygen, vil det diffundere frå vatnet og inn i luftbobla. Karbondioksidet som dyret slepp ut, vil leke frå luftbobla til vatnet på grunn av konsentrasjonsforskjellar.

Transport av oksygen

Oksygen er lite løyseleg i vatn, og dei fleste dyra er derfor avhengige av respirasjonspigment for å transportere oksygen i blodet. Respirasjonspigmenta er protein som inneheld jarn- eller kopparatom. Desse har evne til reversibel binding av oksygen.

Reversibel binding betyr at oksygen blir teke opp når blodet passerer respirasjonsorgana, og frigitt når blodet kjem til cellene i kroppen. Dette skjer fordi gassane diffunderer frå høg til låg konsentrasjon.

Det er respirasjonspigmenta som gir blodet farge

Sort hummer. Foto. Hummar.  Mange blautdyr og leddyr bruker hemocyanin for å transportere oksygen i kroppen. Dette er eit respirasjonspigment som inneheld koppar og gir blodet ein blå farge.

Dei fleste virveldyr transporterer oksygen ved hjelp av hemoglobin. Hemoglobin er eit jarnhaldig respirasjonspigment som finst inne i dei røde blodcellene, og som blir raudt når det bind oksygen. Hos pattedyr blir cirka 98 prosent av oksygenet frakta bunde til hemoglobin. Kvart hemoglobinmolekyl kan binde fire oksygenmolekyl, og kvar raude blodcelle inneheld omkring 300 millionar hemoglobinmolekyl.

Teikning av molekylstruktur i hemoglobin.   

Transport av karbondioksid

Sjølv om karbondioksid er litt meir løyseleg i vatn enn kva oksygen er, er det berre 5 prosent av karbondioksidet som blir transportert fysisk løyst i blodet.

Blodcelle i en blodåre med formler som viser hvordan karbondioksid løser seg i blodet.

Heile 65 prosent av karbondioksidet blir transportert som hydrogenkarbonat. Inne i dei raude blodcellene reagerer karbondioksid med vatn. Då blir karbonsyre danna, og denne blir så spalta til hydrogenkarbonat og hydrogenion.

Omtrent 30 prosent av karbondioksidet blir transportert frå cellene til lungene ved at det blir bunde til hemoglobin.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald