Fagstoff

Sirkulasjon hos virveldyr

Publisert: 07.08.2013, Oppdatert: 03.08.2017
Kapillærer

Hos virveldyr blir blodet transportert i eit lukka kanalsystem. Dette gjer at transporten av gassar og andre stoff kan skje raskt. Fisk har eit enkelt krinsløp der blodet blir pumpa gjennom gjeller og kropp i same runde. Landlevande virveldyr har to separate krinsløp: kroppskrinsløpet og lungekrinsløpet. Blodet vil då passere hjartet to gonger for kvar gong det blir pumpa ut i kroppen. Dette kallar vi eit dobbelt krinsløp.

Fleire sirkulasjonssystem hos virveldyr.Utvikling av sirkulasjonssystem. 

Tynne blodårer med røde blodceller.Nettverk av kapillar med raude blodceller. All utveksling av stoff mellom blodet og cellene skjer i kapillara. 

Teikning av blodåre og musklar.Muskelvenepumpa. 

Torsk med påtegnet sirkulasjonssystem.Skjematisk teikning av lukka krinslaup i fisk 

Dobbelt kretsløp hos pattedyr.Sirkulasjonssystemet – dobbelt krinslaup. 

Teikning av menneskehjarte.Blodstraumen i menneskehjartet.

Sirkulasjonssystemet hos virveldyr

Sirkulasjonssystemet hos virveldyra består av eitt hjarte, eit nettverk av blodårer og ei sirkulerande væske som vi kallar blod. Hjartet slår med rytmiske rørsler og skaper eit trykk som pumpar blodet rundt i kroppen.

Arteriane

Frå hjartet blir blodet først pumpa ut i arteriar som leier blodet frå hjartet. Dei store arteriane har tjukke vegger, og blodtrykket er høgt. Desse forgreinar seg til stadig tynnare arteriar, og samtidig vil blodtrykket gradvis minke. Dei minste arteriane endar til slutt i eit nettverk av kapillar.

Kapillara

Celleveggen hos kapillærårene er bare ett cellelag tykke.Tverrsnitt av kapillar.Veggene i kapillara består av berre eitt cellelag. All utveksling av stoff mellom blodet og cellene skjer ved diffusjon i kapillara. Frå kapillara strøymer blodet over i små venar som gradvis samlar seg til større venar.

 

Venane

Venane leier blodet tilbake til hjartet. Blodtrykket i venane er svært lågt samanlikna med blodtrykket i arteriane. Klaffar i venane sørgjer likevel for at blodet alltid vil strøyme i éi retning, tilbake mot hjartet.
Mikroskopisk snitt av vev med blodårer. Arterien har tykke årevegger.Snitt gjennom arterie med tjukke vegger, venar og kapillar.I tillegg kan veggene i dei fleste venane bli pressa heilt saman. Dette er viktig for muskelvenepumpa Muskelvenepumpa.Blodtrykket i venane er svært lågt samanlikna med blodtrykket i arteriane. Klaffar i venane sørgjer likevel for at blodet alltid vil strøyme i éi retning, tilbake mot hjartet. I tillegg kan veggene i dei fleste venane bli pressa heilt saman. Dette er viktig for muskelvenepumpa som òg medverkar til at veneblodet blir transportert tilbake mot hjartet.Musklar som omgir venane, utøver eit trykk på desse slik at veneveggene blir klemde saman og blod blir pressa vidare gjennom venane. Samtidig sørgjer veneklaffane for at blodet strøymer i riktig retning. Muskelvenepumpa er spesielt viktig for transporten av blod opp frå beina når ein går eller spring. som òg medverkar til at veneblodet blir transportert tilbake mot hjartet. Musklar som omgir venane, utøver eit trykk på desse slik at veneveggene blir klemde saman og blod blir pressa vidare gjennom venane. Samtidig sørgjer veneklaffane for at blodet strøymer i riktig retning. Muskelvenepumpa er spesielt viktig for transporten av blod opp frå beina når ein går eller spring.


Frå enkelt til dobbelt krinsløp

Utforminga av sirkulasjonssystemet hos virveldyra speglar utviklinga frå eit liv i vatn til eit liv på land. Tilpassinga til landlivet har gjort at oppbygginga av sirkulasjonssystemet er blitt meir kompleks. Forskjellane mellom fisk og pattedyr kan illustrere ytterpunkta i utviklinga.

Fire tegnede hjerter.Utvikling av hjartet hos virveldyr.Fisk har eit enkelt krinsløp og eit udelt hjarte, mens pattedyrhjartet er delt i to åtskilde halvdelar som pumpar blod til kvart sitt krinsløp. I eit slikt dobbelt krinsløp vil blodstraumen til lungene, lungekrinsløpet, alltid vere like stor som blodstraumen til dei andre delane av kroppen, kroppskrinsløpet.

Når vi går frå fisk og vidare til amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr, skjer det ein gradvis separasjon av hjartet i to halvdelar. Høgre hjartehalvdel tek imot oksygenfattig blod frå kroppen og pumpar dette til lungekrinsløpet. Venstre hjartehalvdel tek imot oksygenrikt blod frå lungekrinsløpet og pumpar dette ut i kroppskrinsløpet. Lungekrinsløpet blir ofte kalla det vesle krinsløpet, mens kroppskrinsløpet blir kalla det store krinsløpet.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Praktisk stoff

Relatert innhald