Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnleggjande om beredskapsplan

I serviceyrke må vi vere førebudde på at det kan oppstå uønskte hendingar og situasjonar. Derfor må vi ha ein beredskapsplan for å møte ulike typar hendingar. Ein beredskapsplan er ein enkel plan som fortel om kva som må gjerast i ein krisesituasjon.
Uniformert vakt i beredskapsvest snakker på sambandet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beredskap

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) definerer beredskap slik:

Beredskap er planlegging og førebuing av tiltak for å handtere uønskte hendingar på best mogleg måte etter at dei har skjedd.

Beredskapsplan er med andre ord ein plan for korleis vi kan handtere uønskte hendingar når dei først skjer. Beredskapsplanen blir planlagd ut i frå restrisikoen vi sit igjen med etter at vi har sett inn nødvendige førebyggjande tiltak.

Kva skal ein beredskapsplan innehalde?

Innhaldet i ein beredskapsplan vil variere ut frå risikovurderingane. Formålet med ein beredskapsplan er å sikre verdiar, og liv vil alltid gå føre andre verdiar.

Det kan vere formålstenleg å nytte teikningar for å visualisere instruksane i beredskapsplanen. Då er det enklare å utforme lettfattelege, korte instruksar.

Funksjonar og oppgåver

I samband med ein beredskapsplan treng vi ein beredskapsorganisasjon. Det vil seie kven som skal utføre dei ulike oppgåvene i beredskapsplanen.

Mange kontorbygg har betent resepsjon. Det er derfor naturleg at dei har ei hovudrolle i beredskapsorganisasjonen. Teamleiaroppgåva ved uønskte hendingar blir derfor ofte lagd til resepsjonen.

Unngå å bruke namn på personar i beredskapsplanane. Bruk heller posisjonar/stillingar. Kven som innehar ulike stillingar i verksemda, endrar seg. Derfor er det viktig at vi forheld oss til stillingar, ikkje namn.

Ein beredskapsorganisasjon kan til dømes byggjast opp med følgjande team:

  • operativt – brann
  • framleis drift
  • ettervern
  • media

Beredskapsøvingar

Beredskapsplanen må vere tydeleg, slik at alle veit kva dei skal gjere når alarmen går. Instruksane i beredskapsplanen kan vere utforma som sjekklister der vi kan krysse av etter kvart som oppgåvene er utførte.

Sjølv om beredskapsplanen fungerer godt på papiret, vil han ikkje fungere om ikkje alle i bedrifta kjenner si rolle. Å halde beredskapsøving er den beste måten å førebu seg på. Bedrifta kan arrangere enkle øvingar der dei tilsette får øve på instruksane. Det kan vere handtering av truslar mot bedrifta, etterlatne bagar eller liknande.

Bedrifter som handterer verdiar, som kontantar eller lettomsettelege varer, bør arrangere ranskurs for dei tilsette. Det er vanskeleg å førestille seg korleis vi reagerer i ein ekte situasjon berre ved å lese om det.

Nokre bedrifter arrangerer òg større øvingar, der dei involverer Røde Kors eller andre hjelpeinstansar. Slik får både bedrifta og dei involverte redningsinstansane øvd på evakuering, førstehjelp, handtering av pårørande, rutinar for stenging av område, og andre situasjonar som sjeldan dukkar opp i arbeidskvardagen.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Beredskapsplan