Hopp til innhald

Fagstoff

Emosjonell førstehjelp

Menneske som er utsette for ei ulykke og skadde, vil som regel trenge trøyst og hjelp i tillegg til den livreddande førstehjelpa. Tryggleikskjensle kan verke positivt på helsetilstanden til pasienten.
En mann sitter på en benk og trøster en annen mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Redsle og angst

Med emosjonell førstehjelp kan vi bidra til å dempe utryggleik og angst hos ein skadd person på ein ulykkesstad.

Ambulanseteam har erfart at pasienten ofte opplever det som svært ubehageleg når dei blir nøydde til å bruke sirene. Pasienten kan oppleve situasjonen som meir dramatisk enn han eigentleg er, og bli redd og stressa. Han/ho kan tenkje: «Når dei bruker sirena, må eg vere skikkeleg dårleg!» Tilstanden kan forverre seg som følgje av stresset.

Å gi tryggleikskjensle

Dersom vi greier å gi ein skadd person tryggleikskjensle, kan det også verke positivt på tilstanden til vedkommande.

Personar som er skadde eller akutt sjuke, vil ofte føle seg redde og åleine og ute av stand til å ta vare på seg sjølve.

Nokre råd

  • Snakk med, ikkje til personen.
  • Spør om det er noko du kan gjere for han/henne.
  • Fortel kva som skjer.
  • Forklar at hjelp er på veg.
  • Ikkje spør pasienten: «Går det bra?»
  • Ikkje start ein samtale om religion.
  • Ikkje lyg for pasienten.

Ta gjerne fysisk kontakt, til dømes ved å halde pasienten i handa. Sjå korleis han/ho reagerer på det.

Lytt til pasienten, og aksepter at det kan komme utbrot som kan verke lite rasjonelle.

Ein som er skadd, kan vere i ein tilstand som gjer at han/ho har lita forståing for det som har skjedd, og ikkje innser kor alvorleg det er. Å vise seg som eit medmenneske som bryr seg om pasienten og er til stades, er ofte nok.

Kriser og ekstreme situasjonar

Kriser kan oppstå når menneske er i situasjonar der eigne erfaringar og kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å meistre situasjonen. Hendingar som kan føre til slike opplevingar, kan vere:

  • brann på arbeidsplassen
  • utføring av livreddande førstehjelp
  • trussel mot eige og andres liv og helse
  • trussel mot økonomisk tryggleik eller arbeid
  • vald: overfall, ran, valdtekt, gisselsituasjon
  • ulykke eller katastrofe
  • alvorleg skade på ein sjølv eller nokon i nær familie
  • alvorleg sjukdom hos ein sjølv eller i nær familie
  • dødsfall av ektefelle, barn, nær venn, nær kollega
  • personlege problem som separasjon og skilsmisse
  • sterk belastning over tid

Menneske som har blitt utsette for store psykiske belastningar på jobb eller privat, har ofte behov for ekstra omsorg og støtte. Langvarige psykiske plager og utmatting kan bli resultatet om dette ikkje blir teke tilstrekkeleg på alvor.

Tenk over
Dersom to personar er saman om ei ekstremoppleving, vil dei ikkje sitje att med ei lik oppleving. Dei beskriv neppe hendinga likt. Det er fordi dei har forskjellige erfaringar og ulik mental tilstand like før hendinga. Er ein mentalt utsliten, er ein også ofte meir psykisk sårbar i ekstremsituasjonar.

Korleis reagerer vi på kriser og ekstreme situasjonar?

I akutte ekstreme situasjonar, som til dømes brann på eit hotell eller i eit kjøpesenter, vil vi oppleve at kroppen produserer adrenalin for å hjelpe oss til å flykte eller angripe. Adrenalinet skjerpar sansane og gir oss kortvarig auka styrke. les meir

Det menneskelege urinstinktet seier at vi må flykte eller angripe, men intellektet vårt, saman med opplæring og øvingar, fører til at vi som oftast reagerer som ønskeleg i ekstreme situasjonar. I militæret opererer ein med uttrykket «overlæring». Det vil seie at ein trener på handlingar så ofte at ein utfører handlingane heilt automatisk. Då treng ein ikkje å tenkje på korleis, ein berre utfører handlingane ved behov. Innsatsen når ein kjem til ein skadestad, vil derfor ofte vere prega av kor ofte ein har trent på tilsvarande situasjonar på førehand. Men sjølv om ein er godt trent, vil ein etter ekstreme hendingar, til dømes brann og førstehjelp på arbeidsplassen, kunne oppleve det vi kallar for krise.

Ei krise kan delast inn i fire fasar:

  • sjokkfasen
  • reaksjonsfasen
  • bearbeidingsfasen (reparasjonsfasen)
  • nyorienteringsfasen
Sjokkfasen er den reaksjonen personar får i og rett etter situasjonen. Her vil ein kunne oppleve alle typar reaksjonar, frå apati til hyperaktivitet. les meir

Somme personar blir løysingsorienterte, andre kan sjå ut til å vere upåverka av hendinga, men er eigentleg svært påverka av situasjonen. Somme får latterkrampe. Ein annan vanleg fysisk reaksjon er skjelving. Det kjem oftast av at adrenalinnivået i kroppen søkk igjen, og at musklane skjelv på grunn av det.

Reaksjonsfasen kjem når personane blir klar over kva dei har opplevd. Dei går frå å reagere til å reflektere over det dei har opplevd. Denne fasen kan strekkje seg over fleire dagar og endå lenger. les meir

Somme personar opplever då fysiske plager som kvalme, muskelspenningar, dårleg mage og andre plager. Erfaringar seier også at ein del personar i denne perioden er skvetne, mørkredde og kan oppleve søvnforstyrringar, spiseforstyrringar og impotens. Graden og varigheita av reaksjonane blir påverka av korleis personen opplevde hendinga og støtteapparatet rundt. Det er gjerne først nokre dagar etter hendinga ein avdekkjer om personen treng meir hjelp enn vanleg kollegastøtte.

Bearbeidingsfasen kan ein kalle for reparasjonsfasen. Då går personane over i ein periode då dei bearbeider hendinga, til dømes ved å snakke om henne. les meir

Målet er å redusere smerta eller ubehaget som hendinga har ført med seg. Det blir ofte gjort ved å la personen få fortelje om hendinga fleire gonger, så ofte han/ho sjølv vil. Då kan han/ho oppleve at det blir gradvis mindre ubehageleg å samtale om hendinga. Under samtalar med personar som har opplevd ekstreme situasjonar som dei treng å snakke om, må du våge å stille spørsmål – og tole svaret! Det å spørje er for mange svært vanskeleg.

Nyorienteringsfasen er den fasen ein kjem over i når ubehaget etter hendinga ikkje lenger styrer eller påverkar kvardagen i vesentleg grad: Ein evnar å sjå framover, og dveler ikkje ved det som skjedde.

Nokre råd

Kva kan du gjere for kollegaer som opplever sjokk- og reaksjonsfasen?

  • Gi emosjonell førstehjelp.
  • Ver ein aktiv lyttar. La kollegaen få fortelje sin versjon, ikkje forsøk å «rette på» han. Alle har si eiga oppfatning av kva som har skjedd. Minnet er ikkje fotografisk.
  • Ikkje kom med skuldingar.
  • Ver ærleg og positiv.
  • Skjerm personen mot nysgjerrige, ta leiinga for personen.
  • Personen skal helst ikkje vere ålene dei første nettene. Om natta drøymer og opplever vi ofte om att det vi har opplevd i vaken tilstand. Det kan vere ubehageleg og skremmande. Når ein vaknar, er det godt å ha nokon å snakke med.
  • Fysisk aktivitet hjelper for å få utløp for stress. Når ein er fysisk sliten, søv ein betre fordi slitne musklar treng kvile.
  • Oppmuntre til å returnere til jobb så snart som mogleg – gjerne allereie dagen etter om det er mogleg å få til.

OPPGÅVER

1. Kva er hovudformålet med emosjonell førstehjelp? Sjå svar

Å gi pasienten ei tryggleikskjensle, som igjen kan verke positivt på helsetilstanden.

2. Kvifor bør ikkje medarbeidarar som er i sjokkfasen, overnatte åleine? Sjå svar

Fordi vi i draumar ofte opplever om att hendingar vi har gjennomgått i vaken tilstand, og det kan vere svært ubehageleg. Når ein vaknar, er det godt å ha nokon å kunne snakke med.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Sikkerheit