Hopp til innhald

Fagstoff

Akutte sjukdommar

Det er ikkje berre i samband med ulykker det er behov for førstehjelp. Fleire sjukdommar kan oppstå akutt eller gi anfall. Her skal vi sjå nærare på kva vi kan gjere i slike situasjonar.
En mann holder hendene foran brystet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjartesjukdom

Ring 113 utan å nøle når nokon i næleiken av deg opplever eitt eller fleire av desse symptoma:

  • sterke smerter eller ubehag i brystet i meir enn 5 minutt
  • plutseleg uvelkjensle, kvalme
  • plutseleg kraftløyse eller slappheit
  • plutseleg tung pust

Førstehjelp ved akutt hjartesjukdom

  • Ta det alltid alvorleg.
  • Ring 113.
  • Sørg for frie luftvegar.
  • La pasienten sitje eller liggje.
  • Er pasienten medvitslaus, legg han/henne i sideleie.
  • Ved pustestans, set i verk HLR.

Diabetes

Diabetes blir ofte kalla sukkersjuke, og er ein sjukdom der bukspyttkjertelen ikkje lenger produserer det livsviktige hormonet insulin. Derfor er det mange diabetikarar som tilfører kroppen insulin med sprøyter eller pennar.

Insulinsjokk (føling)

Insulinsjokk eller føling kan oppstå dersom ein diabetikar har fått ein for stor dose insulin og blodsukkeret er for lågt. Vanlege symptom er å føle seg uroleg og slapp. I tillegg kan pasienten bli irritabel, sveitte og få krampeanfall. Misforståingar oppstår innimellom ved at ein som ser ein person med føling, trur at vedkommande er påverka av alkohol. Til vakne pasientar er førstehjelp å gi noko søtt å ete eller drikke. Dersom anfallet blir kraftig, kan det føre til medvitsløyse.

  • Ring 113.
  • Legg personen i sideleie.
  • Overvak pasienten.

Sukkerslag

Sukkerslag oppstår når blodsukkernivået er altfor høgt som følgje av for lite insulin i høve til kva ein har drukke eller ete, eller for mykje alkohol. Eit symptom på sukkerslag er at det luktar aceton (neglelakkfjernar) av anden til pasienten. Sukkerslag kan føre til at pasienten mistar medvitet.

  • Ring 113.
  • Legg personen i sideleie.
  • Overvak pasienten.

Somme diabetikarar ber smykke eller armband som viser at dei er diabetikarar. Det kan vere smykke som på sida her, eller SOS-kapslar. No er det også ein del som har ein app på smarttelefonen sin som på kvilemodussida viser at eigaren av telefonen har diabetes, og info om kva ein skal gjere. Ein del eldre kan ha eit anheng med bilete av ei gammaldags skålvekt, og enkelte har eit lite «id-kort», på storleik med eit kredittkort, med info om at dei er diabetikarar. Det er vanleg at korta ligg i lommeboka eller i ein korthaldar.

Epilepsi

Epileptiske anfall er eit teikn på ekstreme elektriske utladingar i skadde hjerneceller. Skaden kan vere medfødd, eller ein kan ha fått han seinare. Anfall kan ofte provoserast fram av stress, for mykje arbeid, alkohol eller at personen ikkje har teke medisinen sin.

Dei vanlegaste symptoma på anfall er rytmiske krampetrekningar, stivheit i kroppen og sterke rykningar i armar og bein. Dei kan også føre til medvitsløyse, skum rundt munnen og kortvarig pustestans som kan gi ansiktet ein mellombels blåfarge. Ved mildare former for anfall kan pasienten vere medviten, men ha symptom som forvirring, sanseforstyrringar, bleik hudfarge, raud hudfarge, sveitte, hjartebank, brekningar, spyttflod eller eit ubehag i magen som stig opp mot hovudet. Pasienten kan vere forvirra etter hendinga og ofte svært sliten.

Lenkje:

Norsk Epilepsiforbund

Førstehjelp ved krampeanfall:

  1. Ver roleg. Dei fleste anfall går over av seg sjølv i løpet av 2–5 minutt.
  2. Du får ikkje stoppa anfallet, men du kan sørgje for at personen ikkje skader seg.
  3. Stikk IKKJE noko mellom tennene – det kan gi tannskadar. Gi heller ikkje drikke.
  4. Forsøk ikkje å stanse krampane eller «gjenopplive» vedkommande. Når krampane har gitt seg, er det viktig å sørgje for frie luftvegar.
  5. Legehjelp eller innlegging på sjukehus er nødvendig dersom vedkommande har skadd seg eller anfallet er langvarig (+ 5 min.), eller dersom det kjem fleire anfall i ein serie utan at pasienten er vaken mellom anfalla. Er du usikker, ring 113.

OPPGÅVER

1. Kva er føling? Sjå svar

Det er dersom ein person med diabetes har fått ein for stor dose insulin og blodsukkeret er for lågt. Vanlege symptom er å kjenne seg uroleg og slapp, i tillegg kan pasienten bli irritabel, sveitte og få krampeanfall. Misforståingar oppstår innimellom ved at ein som ser ein person med føling, trur at vedkommande er påverka av alkohol.

2. Kva er korrekt førstehjelp ved epilepsianfall? Sjå svar

Ver roleg, pass på personen, ikkje hald han/henne fast, skjerm han/henne mot andre. Varsle 113 dersom anfallet varer lenge eller det blir fleire anfall.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Sikkerheit