Hopp til innhald

Fagstoff

Tips for å få flest mogleg svar

Spørjeskjema er mykje brukt til spørjeundersøkingar. Skjemaa, spesielt dei digitale, er billige å setje opp, og det er lett å omarbeide dataa etterpå. Fordi mange gjer datainnsamling med spørjeskjema, er det stor konkurranse om tida til folk. Her er nokre tips for å få fleire svar.
Buttons i ulike fargar med glade og sure ansikt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kor mange førespurnader om tilbakemeldingar eller spørjeskjema får du?

  • Kor mange av desse førespurnadene svarer du på?

  • Kva motiverer deg til å svare på eitt skjema, men ikkje eit anna?

I kvantitative undersøkingar treng vi mange svar for at funna skal vere pålitelege. Å skaffe nok svar er utfordrande og krev at vi sørger for å gjere undersøkinga tiltrekkande for dei vi ønsker skal svare på ho.

Undersøkinga bør vere kortfatta

Spørjeskjema bør vere korte og ta lita tid å gjennomføre. Eit spørjeskjema kan gjerne vere på ei enkelt side. I lengre undersøkingar er det viktig å vise kor mykje som står att.

Gi gjerne beskjed om kor lang tid undersøkinga tek.

Undersøkingar bør vere anonyme

Det er fleire fordelar ved å halde undersøkingar anonyme.

  • Når deltakarane er anonyme, er det større sjanse for at svara som blir gitt, er meir ærlege enn dersom deltakarane er identifiserbare.

  • Anonyme undersøkingar gir fleire svar enn undersøkingar der deltakarane er identifiserte. Dette gjeld sjølv om informasjonen om identitet er konfidensiell og ikkje blir brukt i omarbeidinga av dataa.

  • Anonyme undersøkingar som ikkje hentar inn personinformasjon, er ikkje underlagde dei strenge krava til datainnsamling og omarbeiding som personopplysningslova krev.

Vel eit passande tidspunkt for publisering

Dei fleste svara du får på ei spørjeundersøking, vil komme raskt etter at du har publisert eller sendt ut undersøkinga. Då er det viktig at publiseringstidspunktet er best mogleg. Fredag ettermiddag eller midt i sommarferien er til dømes dårlege tidspunkt fordi mange ikkje er til stades, eller dei har anna å gjere og ønsker ikkje å prioritere å svare på undersøkingar.

Vel arena for distribusjon av undersøking

Konferanserom med mange menneske. Foto.

Kvar du sender ut undersøkinga, vil avhenge av kven du prøver å få svar frå. Dersom det er tilsette i eiga bedrift, er e-post eller papir vanlege måtar å få sendt ut undersøkinga på. For andre undersøkingar kan distribuering gjerast via nettsider og sosiale medium. Det er òg mogleg å levere ut undersøkinga på papir og ta imot svar på fysiske lokasjonar, til dømes på stand.

Send ut påminning

Å få tilsendt påminningar er noko dei fleste misliker, men det er òg eit verkemiddel som har ein viss effekt for å få fleire svar. Det viktige her er å ikkje purre på folk for mange gonger eller for ofte. Bruk deg sjølv som utgangspunkt: Kor mange gonger ville du sjølv ha synst det var greitt å få ei påminning om å svare på eit spørjeskjema?

Bruk av gåver og gevinstar for å få fleire svar

Nokre gonger får deltakarane gåver, eller dei er med i trekkingar av gevinstar for å delta i undersøkingar. Dette kan auke talet som svarer på undersøkinga. Ulempa er at det er vanskeleg å gjennomføre utan at du endar opp med å samle inn personopplysningar og dermed må følge krava som er i personopplysningslova.

Test spørjeskjemaet før bruk

Ung kvinne med lilla naglelakk held ein mobiltelefon med fargerikt deksel. Foto.

Å setje opp ei spørjeundersøking kan vere mykje arbeid, og dersom feil lurer seg med, er det ofte ikkje mogleg å rette på. I verste fall må undersøkinga gjerast på nytt, då kan det vere vanskeleg å få folk til å svare igjen.

Det er derfor lurt å teste spørjeskjemaet før det blir teke i bruk. Kanskje er nokre spørsmål utydelege? Kanskje er det brukt feil spørsmålstype? Dersom skjemaet er digitalt, er det enkelt for folk å fylle det ut på mobiltelefon?

Du bør få nokre andre til å gå gjennom skjemaet og teste det ut. Dei vil ha mykje lettare for å sjå feil enn du som har utvikla spørjeskjemaet.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Kartlegge behov med spørjeskjema