Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal konkurranse

Internasjonalt har det vore ein sterk vekst i reiselivet dei siste 40–50 åra, også i Noreg, men Noreg har tapt marknadsdelar. Noreg satsar på eit berekraftig reiseliv. Det gjer også ei rekkje andre land. Korleis kan Noreg styrkje den internasjonale konkurranseevna si?
Illustrasjon av to hender som holder jordkloden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noreg tapar og vinn

Reiselivsnæringa i Noreg har vore ei internasjonal næring i over 100 år, utan å ha klart å styrkje den internasjonale konkurranseposisjonen sin. Norsk reiselivsnæring har tapt marknadsdelar. I 1970 hadde Noreg 0,9 prosent av verdsmarknaden, medan han er på under 0,5 prosent i dag. Det betyr at marknadsdelen er nesten halvert.

Tal frå World Tourism Organization (UNWTO) viser at Noreg i løpet av dei siste ti åra har auka sin marknadsdel av turisttrafikken i Nord-Europa med 24 prosent. Tre gonger i året presenterer UNWTO eit barometer for turisme.

Det globale reiselivet veks med 3–4 prosent kvart år, og det er venta at talet på reisande på verdsbasis vil fordoble seg fram mot 2020.

Ikkje noko nytt under sola …

FNs turistorganisasjon, UNWTO, som har over 150 medlemsland, gjennomførte i 2004 ein omfattande studie med 62 ekspertar frå meir enn 20 land. Rapporten frå denne studien, The Guidebook on Indicators of Sustainable Development for Tourism Destinations, beskriv over 40 indikatorar på berekraft.

UNWTO har hovudkvarteret sitt i Madrid. Her kan du lese meir om kva organisasjonen arbeider med.

All over the world

I dag deltek fleirtalet av nasjonane i verda i utviklinga av økoturisme og berekraftig turisme.

Noreg og Skandinavia møter konkurranse om turistar frå land over heile verda. Til dømes er New Zealand med sitt reine og trygge image eit attraktivt turistmål. Også Nord- og Sør-Amerika, Afrika og Asia har vakker natur og interessante reisemål. Eit viktig mål for berekraftig turisme er å bidra til meiningsfulle opplevingar og større bevisstheit om berekraft blant turistane.

New Zealand har også både vakker natur og godt laksefiske å tilby turistene!
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reiselivet opererer i ein global marknad. Derfor er det av stor betyding for bedriftene å ha konkurransekraft både nasjonalt og globalt.

Lenkjer:

Global Sustainable Tourism Council (GSTC)

ECOTRANS

Ecoclub

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Internasjonal marknadsføring