Hopp til innhald

Fagstoff

Lazio, Puglia og Sicilia

Vi stiftar kjennskap med vindistrikta i regionane Lazio, Puglia og Sicilia i Sør-Italia.

Lazio

Kart over Sør-Italia. Illustrasjon.

Regionen Lazio ligg omkring Roma og er mest kjend for dei friske kvitvinane Frascati og Est! Est!! Est!!!, som begge kjem frå druene Trepiano og Malvasia. Frascati er Roma sin vin, og der kan vi få han med forskjellig søtleik, mens Vinmonopolet fører den tørre typen. Frascati har nok noko meir fastheit. Est! Est!! Est!!! er også ein tørr vin. Han kjem frå Montefiascone nord for Roma og har ei spesiell historie.

EST! EST!! EST!!!

Den tyske biskopen Johann Fugger var på veg til Vatikanet (Roma) for å møte paven. Han sende tenaren sin i førevegen for å prøve mat og vin på dei stadene dei kunne tenkje seg å overnatte. Om tenaren meinte vinen var bra, skulle han setje EST på døra (vinum est bonum = "vinen er god"). Då biskopen kom til Montefiascone, stod det EST! EST!! EST!!! på døra, altså ein svært god vin. Det blir sagt at biskopen aldri kom til Vatikanet, men døydde av for mykje vin.

Til mat

Est! Est!! Est!!! går til skaldyr og ikkje for kraftige fiskerettar.

Frascati passar til fisk, skaldyr med meir smak, kaldtbord og som terrassevin.

Puglia

Regionen Puglia er den sørlegaste i landet og omfattar «hælen» til Italia. Det er den regionen som har størst vinproduksjon, hovudsakleg av bordvin. Dei produserer mange typar vin og nyttar mange forskjellige druer. Primitivo, som er opphavet til den californiske stordrua Zinfandel, kjem herfrå. Det gjer også ei rekkje rimeleg bra raudvinar til akseptabel pris. Mellom desse finn vi Castel del Monte, som har vore ein gjengangar på polet i mange år, og storseljaren no til dags, Capella.

Til mat

Castel del Monte passar til lam, fjørfe, gryterettar og ost.

Capella går til pizza, pasta og grillmat.

Sicilia

Sicilia er den største øya i Middelhavet, og her blir det produsert ei rekkje forskjellige akseptable vinar. Særleg ein del kvite er bra. Vi skal likevel berre nemne sterkvinen Marsala frå byen og området med same namn. Denne vinen kan nærmast samanliknast med sherry.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Italia