Fagstoff

Veneto

Publisert: 08.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Stemningsbilder fra Veneto i Italia. Båter i kanalen. Vindruer og en flaske Soave.  

Kart over vinområdene i nordøst-ItaliaKart over vinområda i nordøst-Italia  

Regionen Veneto

Regionen Veneto ligg aust for Gardasjøen mellom byane Verona og Venezia. Av raude vinar er det dei to lette raudvinane Bardolino og Valpolicella som er mest kjende. Valpolicella blir ofte kalla Italias «Beaujolais», medan Bardolino kan gå mot rosé. Begge kan med fordel drikkast noko avkjølt. Om Valpolicella har tilføyinga Amarone, er han fyldigare og har eit litt syrleg, bittert preg. Det blir laga fleire kvitvinar, men Soave er utvilsamt den som er kjend hos dei fleste. Han er stort sett tørr, men ikkje syrleg.

Til mat

Valpolicella classico passar til lyst kjøtt, kaldtbord òg til torsk.
Bardolino
går til lyst kjøtt, kaldtbord, fisk og orientalsk mat.
Soave er ein grei fiskevin, og nokre av desse vinane passar òg til skaldyr.Kollasj: Merluzzo al forno og Soave Classico San VincenzoPå bildet ser du Soave Classico San Vincenzo og Merluzzo al forno (torsk med potet, oliven og tomatar).  

Relatert innhald