Hopp til innhald

Fagstoff

Veneto

Av raude vinar frå Veneto er det dei to lette vinane bardolino og valpolicella som er dei mest kjende. Valpolicella blir ofte kalla Italias beaujolais, mens bardolino kan minne om rosévin.

Regionen Veneto

Kart over vinområda i Nordaust-Italia. Illustrasjon.

Veneto er den mest produktive vinregionen i Italia. Her blir det laga både enkle bordvinar og nokre av dei dyraste, mest ettertrakta vinane landet har å by på. Og alt du kan tenkje deg imellom, frå boblande prosecco og sommarfrisk soave til den søte, raude dessertvinen recioto.

Raudvin

Aust for Gardasjøen og nord for Verona ligg området Valpolicella. Her blir det laga raudvin av druer som Corvina, Rondinella og Molinara. Nokre av desse raudvinane, som bardolino og valpolicella classico, er lette, fruktige og anvendelege og smaker av friske kirsebær, mandlar og urter.

Så har du den andre enden av skalaen, der vi finn amarone della Valpolicella. Amarone blir laga med dei same tre druene som basis, men forskjellen ligg i at druene blir tørka før dei blir gjorde om til vin.

Den raude dessertvinen recioto della Valpolicella blir laga på same måten. Men amarone får gjære heilt ut og blir dermed ein sterk, relativt tørr raudvin med høg alkoholprosent og mykje smak. Tørka frukt, krydder og fataromaer som kaffi og sjokolade dominerer smaksbiletet. Ei lita bitterheit i ettersmaken har gitt vinen namn, amaro betyr «bitter» på italiensk.

Ripasso er ein hybrid mellom valpolicella og amarone. Her lèt vinmakaren den unge, fruktige valpolicellavinen gjære på nytt saman med restane av drueskal frå amaroneproduksjonen. Slik får vinen ekstra smak, alkohol og tannin.

Kvitvin

Soave er den mest kjende kvitvinen frå Veneto og har fått namnet sitt frå den vesle byen Soave, som ligg rett aust for Verona. Hovuddrua heiter Garganega, men det er tillate med ein viss del Verdicchio, Chardonnay, Sauvignon Blanc eller Pinot Blanc.

Soave, bianco di Custoza og andre Garganega-baserte kvitvinar frå Veneto har smakstonar av sitrus, eple, fersken og kvite blomstrar. Dette er tørre, friske vinar som passar til sjømat, salatar eller på eiga hand.

Musserande

Prosecco har teke verda med storm. Den ukompliserte, fruktige musserande vinen frå Veneto har slått stort an som eit prisgunstig og lett forståeleg alternativ til champagne.

Druesorten heitte opphavleg Prosecco, men for å hindre andre land og område i å kopiere suksessen endra dei lokale vinstyresmaktene namnet til Glera i 2009.

Prosecco-området er Italias største vinområde og strekkjer seg frå Vicenza mellom Verona og Venezia og heilt til Trieste ved grensa til Slovenia. Kjerneområdet ligg mellom dei to byane Conegliano og Valdobbiadene.

Det er tankmetoden som blir nytta til å lage prosecco, derfor har vinen meir umiddelbare og klare fruktaromaer enn til dømes champagne, crémant og cava, som blir laga med andregongsgjæring på flaske.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Vinområde i Italia