Fagstoff

Italia

Publisert: 07.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Stemningsbilder fra Italia. Produksjon av vin i fjellet. En mann med blå druer i hendene. Bilde fra en vinkjeller.

Kart over de ulike vinområder i ItaliaKart over dei ulike vinområda i Italia  

 

Vingård i Aosta Valley, ItaliaVingard i Aosta Valley, Italia

Vinlandet Italia

Italia konkurrerer med Frankrike om å vere den største vinprodusenten i verda, og dei siste åra har Italia vore størst. I landet har det vore produsert vin i eit par tusen år, og dei gamle grekarane kalla landet Oenitoria, vinlandet. Då Italia var eit storrike i romartida, blei vindyrking spreidd vidare utover store delar av Europa. Mat og vinkultur har alltid stått høgt i Italia og har vel eigentleg vore grunnlaget for det franske kjøkkenet. Den italienske prinsessa Katarina av Medici var den som tok i bruk bestikk til å ete med ved det franske hoffet, og sidan blei det vanleg over alt.

Mikroklima

Som nemnt tidlegare har Italia eit enormt vinspekter på grunn av stor variasjon av mikroklima. Men her som elles i EU og resten av vinverda aukar krava til effektivitet og rask forteneste. Dette gjer at mange spesielle vinar er i ferd med å forsvinne. Italienske styresmakter prøver å bremse noko på dette ved hjelp av vinloven. Dei har oppretta ein klasse i loven som tek vare på spesielle lokale vinar, og dei har sett strenge krav til bruk av utanlandske druestokkar. Dersom ein produsent bruker andre enn dei druene som er tillatne i distriktet, vil ein vin hamne i den lågaste klassen uansett kvalitet. Derfor har ein fått den merkelege situasjonen at nokre av dei beste vinane i Italia er plasserte i den lågaste klassen. Om ein italiensk vin har tilføyinga «Classico» på etiketten, vil det seie at han kjem frå den tradisjonelt beste delen av distriktet.

bilde av en flaske med Valpolicella Classico Superiore 1998Valpolicella Classico Superiore 1998 

bilde av en flaske Soave Classico San VincenzoSoave Classico San Vincenzo, ei smak av Venezia 

Vinloven

På grunn av det som er nemnt over, er det no snakk om endringar i vinloven, men slik er loven i dag:

Denominazione di Origine Controllata e Garantita (DOCG)

Dette er den høgste klassen og blei oppretta fordi det var for stort sprik i kvalitet på DOC-klassen som etter kvart blei ganske stor. «Garantita» står for garantert kvalitet og omfattar mange toppvinar. (Sjå Super-VdT.) Klassen omfattar no 23 område.

Denominazione di Origine Controllata (DOC)

Denne klassen svarer stort sett til den franske AOC med reglar for druesortar, avkastning, alkoholstyrke, lagring og andre ting. Over 250 registreringar er no gjorde i denne klassen.

Indicazione Georafica Tipica 

Denne klassen er forholdsvis ny og blei oppretta for å ta vare på spesielle lokale vinar. Han svarer omtrent til den franske vin de pays.

Vino da Tavola (VdT)

Her finn vi vanleg bordvin, men som nemnt tidlegare finn vi òg nokre av dei beste italienske vinane her. Dei har hamna i denne klassen fordi produsenten har gått ut over regelverket for dei andre klassane. Denne situasjonen har ført til at desse toppvinane blir omtalte som Super-VdT.

Vinregioner:

Vi begynner i nordvest og arbeider oss austover og sørover.

Relatert innhald

Fagleg