Fagstoff

Champagne

Publisert: 05.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: Champagne1. Dom Perignon champagne lagra i ein vinkjellar 2. vingard til Moët & Chandon 3. Kalkholdig jord i Champagne 4. Skilt til champagnehuset Bernard Pertois  

bilde over vinområdet champagneKart over vindistriktet Champagne

Chardonnay og pinot noir druer som brukes til å lage champagne.Chardonnay og pinot noir druer som brukast til å lage champagne.

bilde av Oger, vinlandsby i Côte des BlancsOger, vinlandsby i Côte des Blancs, Champagne

Champagne

Den kanskje mest kjende franske drikken er champagne. Denne elegante musserande vinen blir produsert i Champagne, vindistriktet som ligg nordaust for Paris, rundt byane Reims og Epernay. Klimaet er påverka av Atlanterhavet og forholdsvis fuktig og kaldt, noko som gir ein svalande verknad om sommaren. Landskapet er svakt bølgjande, og jordsmonnet består av porøs kalk (kritt) dekt av eit tynt lag jord. I berggrunnen av kalkstein blir champagnen lagra i lange utgravne tunnelar som har ei ideell, konstant luftfuktigheit og jamn temperatur på 10 ºC.

Druetypane ein dyrkar, er Pinot Noir, Chardonnay og Pinot Meunier. Det er tre avgrensa område i vindistriktet.  

Montagne de Reims, som ligg like sør for byen Reims, dyrkar stort sett Pinot Noir, som gir vinar med forholdsvis stor alkoholstyrke og rik smak.

Vallée de la Marne, som ligg på nordsida av elva Marne, dyrkar òg Pinot Noir i tillegg til den blå drua Pinot Meuniere. Vinen herfrå gir rike, blaute, modne vinar med rik bouquet, men han manglar noko struktur.

Côte de Blanc, som ligg sør for Epernay, dyrkar utelukkande den grøne Chardonnay-drua, som gir vinen friskleik, eleganse og lang ettersmak.

 Kollasj: to flasker champagne Veuve Clicquot Ponsardin - gul enke og Dom Perignon 1993Veuve Clicquot Ponsardin - gul enke og Dom Perignon 1993

To namn er uløyseleg knytte til historia til champagnen:

Dom Pierre Pérignon blei i 1668, i ein alder av 29 år, tilsett som skattmeister i klosteret Hautvillers. Benediktinarmunken har fått æra som «oppfinnar» av vinen champagne. Legenda fortel at Dom Pérignon var blind, at han var den første som brukte kork i flaskene, at han sa «eg drikk stjerner», og at han kunne seie kva for vinmark ei drue kom frå berre ved å smake på henne. Det blir òg sagt at det var han som begynte å blande vinane frå dette distriktet i ein cuvée (vinblanding) som gjorde at denne vinen kunne drikkast. Det er sagt mykje om den gode fader Pérignon, men ingen kan garantere sanninga bak mytane.

Nicole-Barbe Clicquot-Posardin (Veuve Clicquot – Den gule enke), ei 27 år gammal enkje, var ho som fann opp metoden som gjorde champagnen til heile verdas festivitasvin. Då champagnen var uklar på grunn av botnfallet etter andregongsgjæring på flaske, fann ho opp metoden remuage (skildra under vinifikasjon av champagne). Det blir sagt at ho fekk bora hòl i matbordet sitt og laga det første pupitre (stativet for reumagen). I tillegg fekk ho «marknadsført» champagnen, då ho hadde gode kontaktar i europeiske hoff, spesielt det russiske.

Relatert innhald