Hopp til innhald

Fagstoff

Alsace

Vinmarkene i Alsace ligg vende mot søraust mot Rhinen, og produksjonen ber preg av å liggje nær grensa til Tyskland.

Alsace

Kart over vinområdet Alsace i Frankrike. Foto.

Området ligg nordaust i Frankrike ved Rhinen og ber preg av å liggje nær grensa til Tyskland. Området har veksla mellom å vere tysk og fransk, men har med unntak av under den andre verdskrigen høyrt til Frankrike sidan 1918. Vinmarkene ligg vende mot søraust mot Rhinen, og fjellkjeda Vogensene vernar mot kalde innlandsvindar frå vest. Både klimaet, produksjonsmetodane og druevalet liknar ofte på det vi finn i Tyskland.

Kvitvin utgjer 95 prosent av produksjonen. Vinane er med nokre unntak tørre og får namn etter druetypen dei er laga av. Alsace har fire "edle" druetypar:

  • Riesling er den fremste drua og gir faste, fruktige vinar med ein blomsteraktig, kraftig bouquet.
  • Gewürztraminer (Gewürz betyr "krydder") gir vinar med imponerande fylde og er med ein utprega krydra, nesten parfymert smak ein av dei mest karakteristiske vintypane i distriktet og i vinverda.
  • Pinot gris er òg kalla tokay d'Alsace, men har ingenting med Ungarn si tokay-drue å gjere. Drua gir kraftige vinar med aromatisk, epleprega bouquet og god fylde. Vinane har dei siste åra blitt motevinar og er gode matvinar.
  • Muscat gir aromatiske vinar med karakteristisk drueduft.
Ei raud plastkasse med klasar av grøne druer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produksjon

Vinane blir gjæra heilt ut, lagra i 1 år på fat utan å bli stukne om, filtrerte, tappa på flasker og lagra i 1 år før dei kjem på marknaden. Druetypen og namnet på vindyrkaren/eksportøren står alltid på etiketten. Det finst vinar der fleire druetypar blir blanda, dei blir kalla Edelszwicker. Dei musserande Crémant d'Alsace-vinane blir oftast laga av riesling-drua, dei er oftast tørre og må produserast etter champagnemetoden.

Etter spesielt varme og solfylte somrar hender det at produsentane lèt druene henge slik at vinen får søtleik. Desse vinane blir kalla vins de vendages tardives (vin av sein druehaust) og kan samanliknast med Spätlese i Tyskland. På same måten kan dei søtaste vinane, selection de grain nobles (utvalde edle druer), som er angripne av botrytis, samanliknast med tyske Beerenauslese.

Til mat

Dei kraftige vinane av gewürztraminer eignar seg til rettar med svinefilet, gås og røykjelaks. I Alsace blir han òg nytta til rettar av vilt (rådyr og hjort). Vinane av riesling og pinot gris passar godt til fyldige, smaksrike fiskerettar som salta og grava fisk.

Graven laks, potetskiver, saus og flatbrød på eit fat. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike