Fagstoff

Loire

Publisert: 05.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj med vinranker og landskap fra Loire, slottet Chateau de Saumur og blå druer.På bildet ser du landskapet i Loire. Slottet Chateau de Saumur, ved elven Loire. Drua Cabernet Franc frå området Saumur-Champigny.

Kart over vindistriktet LoireKart over vindistriktet Loire

bilde av en økolologisk hvitvin servert på Domaine du Chateau de la RocheClos de la Coulee de Serrant, ein økolologisk kvitvin servert på Domaine du Chateau de la Roche aux Moines vingard

bilde av spirer og en flaske dezat sancerreSpirer og ei flaske Dezat Sancerre

bilde av MuscadetvinplantenMuscadetvinplanten har store blad. bilde av en tallerken med sjømatKvitviner frå Loire passa godt saman med sjømat.

Loire

Vinområdet Loire strekkjer seg langs den lange Loire-elva frå Pouilly-sur-Loire til Nantes ved Biscayabukta. På grunn av store forskjellar i klima, jordsmonn og ulike tradisjonar i området varierer vinane ganske mykje. Det blir produsert tørre og søte kvitvinar, rosévinar, musserande vinar og ein liten del raudvin. Vinmoten i dag med friske, fruktige kvitvinar frå dei vestlege og austlege distrikta gjer at Loire i dag er ein av hjørnesteinane i fransk vinproduksjon. Samtidig er det stigande etterspørsel etter musserande vinar frå dei midtre distrikta av Loire.

Pouilly og Sancerre

I Pouilly og Sancerre blir det laga både kvitvin, rosévin og musserande vin, men det er kvitvinane som er mest anerkjende. Dei blir ofte kalla perfekte Sauvignon-Blanc-vinar. Det er tørre, friske vinar med fylde og fruktigheit. Pouilly-Fumé har eit karakteristisk flintpreg (røyk) i bouqueten.

Anjou-Saumur

Anjou-Saumur er det største distriktet i Loire, og her er det for det meste rosévin og musserande vin som blir produsert. Distriktet er prega av kalkstein og har mange lange lagringstunnelar i kalkfjellet.  

Dei musserande vinane blir laga både som knusktørre brut-variantar, halvtørre sec-vinar og svakt søtlege demi-sec-vinar. Som i Champagne har Saumur Mousseux andregongsgjæring på flaske. Det blir i tillegg framstilt ein del musserande vin etter cuve-close-metoden. Desse kan berre seljast med VDQS-nemning. 

Dei «stille» kvitvinane, som hovudsakleg blir laga av Chenin Blanc, er både tørre, halvtørre og søte. Spesielt er dei søte vinane der druene har botrytisangrep, og minner om vinane frå Sauternes, godt kjende. 

Distriktet er òg kjent for produksjon av rosévin. Dei tre viktigaste appellasjonane er Cabernet d’Anjou, som er tørre vinar, Rosé d’Anjou, som er halvtørr, og Rosé de Loire, som er svært tørr og frisk.

Pays Nantais

Pays Nantais ligg der Loire-elva renn ut i Atlanterhavet og har eit kjølig klima. Her blir vinane syrlege og friske, noko som dei siste åra har vore på moten. Den best kjende vinen er Muscadet med den beste nemninga, Muscadet de Sèvre et Maine. Desse vinane ligg nokre månader på fat utan at dei er stukne om, slik at vinen blir liggjande på botnfallet «sur lie». Det oppstår ei svak bitterheit i vinen som i endå sterkare grad framhevar det friske i vinen. Det vil då stå «tiré sur lie» på etiketten. 

Dei tørre kvite vinane frå Loire er typiske matvinar og eignar seg godt til skaldyr. Muscadet-vinane passar utmerkt til østers, blåskjel, reker og sjøkreps. Matspesialiteten i distriktet er eit brett med «fruits de mer» (havfrukter) på finhakka is og pynta med tang.

Relatert innhald