Fagstoff

Chablis

Publisert: 07.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

På bildet ser du Tonnerre, som ligger nære Chablis og grønne vinmarker fra området Chablis.På bildet ser du Tonnerre, som ligg nær Chablis og grøne vinmarkar frå området Chablis. Hummer og Chablis passar scært bra saman. Her ser du den klassiske retten Hummer Thermidor. 

 

bilde over vinområdet chablis i frankrikeKart over vindistriktet Chablis bilde av stein, lime, sitron og et glass med chablis.Stein, lime og sitrus er nokre av hovudelementa i ein klassisk Chablis 

Chablis

Området Chablis er det nordvestlegaste i Bourgogne. Chablis har vanskelege klimatiske forhold, og avkastningane kan variere mykje både i kvalitet og kvantitet. Det blir nesten berre produsert kvite vinar av Chardonnay-drua. Vinane er tørre med fyldig smak med preg av sitrus og kraftig blomeliknande bouquet.

Det er fire hovudgrupper av Chablis-vin:

Chablis Grand Cru er dei beste. Dei kjem frå sju vinmarker som ligg i sørvende skråningar nordaust for byen Chablis. Vinen er den kraftigaste og den mest lagringsdyktige.

Chablis Premier Cru er dei nest beste, og dei kjem frå elleve vinmarker rundt byen Chablis. Samanlikna med grand cru-vinane er dei noko lettare og har noko meir avgrensa haldbarheit.

Chablis er den tredje på rangstigen. Dei kan variere i kvaliteten og er best når dei er 2–3 år.

Petit Chablis står nedst på rangstigen og blir for det meste laga i ytterkanten av distriktet.

Vinane frå Chablis eignar seg godt til finare retter av fisk og skaldyr (hummar) og til kaviar, løyrom og lodderogn.

Relatert innhald