Fagstoff

Beaujolais og Mâconnais

Publisert: 07.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

bidle av Christophe Chabauty serverer Beaujolais Nouveau i BayonneChristophe Chabauty serverar Beaujolais Nouveau i Bayonne

bilde over vinområdet beaujolais i frankrikeKart over vindistriktet Beaujolaisbilde av et glass med rød beaulolaisGlas med raud Beaujolais i kjellaren hos Domaine du Vissoux i Beaujolais  

Beaujolais

Topografien i Beaujolais varierer med kupert i nord og flatt i sør. Jordsmonnet er granitthaldig jord. Druesorten er Gamay. I Beaujolais er gjæringsteknikken karbonsyremaserasjon (masération carbonique). Vinen får ein djup blåraud farge, er lett og har ein fruktig og mild karakter. Vinen har avgrensa lagringspotensial og må konsumerast medan han er ung.

Dei beste vinane kjem frå nord, og her har ti landsbyar rett til å bruke nemninga cru på vinane sine. Dei nest beste vinane har nemninga Beaujolais-villages, som har kraftigare stil og karakter enn vinane frå sør, som har nemninga Beaujolais-supérieur.

Beaujolais Nouveau er ein spesiell raudvin som blir drukken når han er svært ung utan å ha vore lagra verken på fat eller flaske. Vinen blir frigitt for sal andre torsdagen i november same hausten som vinen er laga. Dette har gitt vinen mykje omtale, og han har blitt populær. Det er delte meiningar om vinen. Nokre meiner at han er uferdig, tynn og har gjærsmak, andre meiner han har ein sjarmerande fruktig og frisk smak som ei blanding av banan og kirsebær. Server vinen lett avkjølt (ca. 10–12 ºC). Til mat Dei lette og fruktige vinane frå Beaujolais eignar seg godt til lette retter av lyst kjøtt som kalv, svinefilet og fjørfe.

Mâconnais

Distriktet Mâconnais ligg nord for Beaujolais, rundt byen Mâcon. Jordsmonnet består av kalkrik jord på ein berggrunn av kalkstein. Klassifiseringa er som i Beaujolais med village- og supérieur-bestemminga, men har ingen crus. Mâconnais er mest kjend for kvitvinar av Chardonnay-drua. Vinane er tørre og friske. Raudvinane blir laga av Gamay-drua og liknar på Beaujolais-vinane, men er fyldigare.

Macon i Maconnais ved elven SaoneMacon i Maconnais ved elva Saone    

Relatert innhald