Beaujolais
Topografien i Beaujolais varierer med kupert i nord og flatt i sør. Jordsmonnet er granitthaldig jord. Druesorten er gamay.
Nemningar
Dei beste vinane kjem frå nord, og her har ti landsbyar rett til å nytte nemninga cru på vinane sine. Dei nest beste vinane har nemninga Beaujolais-villages, som har kraftigare stil og karakter enn vinane frå sør, som har nemninga Beaujolais-supérieur.
Beaujolais Nouveau
Beaujolais Nouveau er ein spesiell raudvin som blir drukken når han er svært ung utan å ha vore lagra verken på fat eller flaske. Vinen blir frigitt for sal andre torsdagen i november same hausten som vinen er laga. Dette har gitt vinen mykje omtale, og han har blitt populær. Det er delte meiningar om vinen. Nokre meiner at han er uferdig, tynn og har gjærsmak, andre meiner han har ein sjarmerande fruktig og frisk smak som ei blanding av banan og kirsebær. Server vinen lett avkjølt (ca. 10–12 ºC). Dei lette og fruktige vinane frå Beaujolais eignar seg godt til lette rettar av lyst kjøtt som kalv, svinefilet og fjørfe.
Mâconnais
Distriktet Mâconnais ligg nord for Beaujolais, rundt byen Mâcon. Jordsmonnet består av kalkrik jord på ein berggrunn av kalkstein. Klassifiseringa er som i Beaujolais med village- og supérieur-bestemminga, men har ingen crus. Mâconnais er mest kjend for kvitvinar av chardonnay-drua. Vinane er tørre og friske. Raudvinane blir laga av gamay-drua og liknar på Beaujolais-vinane, men er fyldigare.