Hopp til innhald

Fagstoff

Kraft

Kraft er ei vassaktig væske med smak frå dei råvarene ho er kokt på.
Kraft
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inndeling av krafter

  • lys kraft
  • brun kraft
  • spesielle krafter

Ei kraft består av:

  • bein
  • grønsaker («dei fire store»)
  • vatn
  • salt
  • bouquet garni (krydderkvast)

Framgangsmåte for koking av kraft

  1. Vask oppkutta bein.
  2. Kok opp beina frå kaldt vatn som er tilsett salt.
  3. Krafta skal skummast godt når ho begynner å koke.
  4. Ha grovkutta reinvaska grønsaker («dei fire store») i krafta saman med bouquet garni. Lat blandinga småkoke.
  5. Sil krafta når ho er ferdigkokt.

NB! Til brun kraft skal beina brunast godt etter at dei er vaska.

fire bilder av tilberedelse av klar grønnsakskraft
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Dei fire store: gulrot, sellerirot, purrelauk og lauk
  • Bouquet garni: ein krydderbukett som er sett saman av persillestilkar, laurbærblad, timian, purrelauk og sellerigrønt, pakka i gas
Lyse krafter
Opne bilete i eit nytt vindauge
Brune krafter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kraft, jamning, saus og suppe