Fagstoff

Konkretisering av kompetansemål i produksjon

Publisert: 26.06.2013, Oppdatert: 09.09.2013
Ingressbilde lærerressurs (kriterier for oppnåelse av kompetansemål)

Å vurdere kompetansen ut frå ulike kompetansemål er ikkje lett. Her finn du forslag på konkretisering av desse i faget.

Læreplanen for faget produksjon har seksten kompetansemål, det vil seie seksten underpunkt som gjer greie for kva du skal kunne i faget. Nedanfor er desse kompetansemåla konkretisert og delt inn i svært god/ framifrå kompetanse, nokså god/ god kompetanse og låg kompetanse.

Det er viktig at du veit kva kompetansemål du arbeidar med, for då forstår du betre kva som er kravd av deg.

 

Kompetansemål

Karakteren 5 og 6: svært god / framifrå kompetanse

Karakteren 3 og 4: nokså god / god kompetanse

Karakteren 2: låg kompetanse

 1

Utvikle idear til produkt og tenester som grunnlag for eigen produksjon og entreprenørskap i tråd med behova i yrket

Kan utvikle idear til produkt og tenester og beskrive tekniske løysingar, produksjonsløysingar og entreprenørskap i tråd med behova i yrket.

Kan presentere og diskutere eigne idear, lage forslag til løysingar med tanke på eigen produksjon og entreprenørskap i tråd med behova i yrket.

Kan foreslå og beskrive eit yrkesrelevant produkt ut frå eigen idé.
 2

Visualisere eigne idear overfor kundar, brukarar og andre medarbeidarar

Kan visualisere eigne idear til ulike brukargrupper gjennom bruk av modellar, teikningar. Viser breidd og kvalitet i arbeidsprosessen.

Visualiserer eigne idear og løysingsforslag tilpassa ei spesifikk brukargruppe

Gjennomfører ei enkel visualisering av eigen idé.
 3

Konkretisere og grunngi eigen idé, eigen arbeidsprosess og eige produkt ut frå etiske og estetiske normer, bestillingar og økonomiske, materielle og tidsmessige rammer for arbeidet.

Drøftar arbeidsprosessen fagleg og konkretiserer eigne idear for produktet, har realistiske løysingsforslag med tanke på etiske og estetiske normer, bestillingar, økonomiske, materielle rammer innanfor gitt tidsfrist

Grunngir fagleg val av produkt og løysing med vekt på etiske og estetiske normer. Løyser oppgåva ut frå bestillingar og materiale innanfor gitt tidsfrist.

Grunngir eigen arbeidsprosess ut frå gitt tidsfrist for arbeidet

 4

Bruke relevante faguttrykk i samtalar og drøfting med kundar, brukarar og kollegaer

Har tileigna seg og kan tilpasse bruken av relevante faguttrykk i samtale og drøfting med ulike mottakarar

Bruker faguttrykk i samtale og drøfting med kundar, brukarar og kollegaer

Kan bruke nokre faguttrykk i samtale med kundar, brukarar og kollegaer

 5

Grunngi val av produkt og arbeidsprosess ut frå ulike interesser og samfunnsbehovet for produkt og tenester

Grunngir fagleg val av produkt og arbeidsprosess ut frå ulike interesser og samfunnsbehovet for produkt og tenester

Grunngir val av nokre produkt og prosessar ut frå nokre ulike interesser og behov

Kan nemne eksempel på korleis ulike interesser kan verke inn på val av produkt

 6

Kjenne att og lage enkle handverksprodukt og tenester relaterte til ulike kulturar, handverkshistorie og trendar

Kjenner att, planlegg og produserer handverksprodukt og tenester relaterte til ulike kulturar, handverkshistorie og trendar

Beskriv ulike kulturelle, historiske og trendmessige trekk og lagar enkle handverksprodukt og tenester relaterte til dette

Kjenner att og kopierer nokre kulturelle og trendmessige trekk i produkt og tenester

 7

Velje og bruke verktøy, materiale og teknikkar på ein formålstenleg og forsvarleg måte

Kan forklare og vurdere bruk av verktøy, materiale og teknikkar til ulike formål og bruker desse på ein formålstenleg og forsvarleg måte

Vel verktøy, materiale og teknikkar etter oppgåva, bruker dei på ein formålstenleg og forsvarleg måte

Brukar eigna verktøy og materiale på ein trygg måte

 8

Utføre grunnleggjande handverksarbeid ut frå eigen arbeidsplan, i tråd med relevante kvalitetskriterium og gjeldande forskrifter om helse, miljø og tryggleik

Tek ansvar og bruker gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og kvalitetskriterium i arbeid med grunnleggjande handverksarbeid ut frå eigen arbeidsplan

Lagar ein arbeidsplan der enkle kvalitetskriterium og helse, miljø og tryggleik er tekne med, og arbeider i tråd med denne

Beskriv enkle kvalitetskriterium og helse-, miljø- og tryggleikskrav knytte til ein arbeidsplan og utfører arbeidet i tråd med dette

 9

Bruke fargar og formelement i praktisk arbeid for å skape bestemte uttrykk i produkt

Drøftar og grunngir bruken av farge og formelement ut frå fagteori når det gjeld det å skape forskjellige formuttrykk i produkt. Viser dette i praktisk arbeid.

Bruker fargar og formelement i praktisk arbeid der målet er å skape bestemte uttrykk i produkt

Bruker farge og formelement tilfeldig i praktisk arbeid

 10

Lage og bruke arbeidsteikningar og annan relevant dokumentasjon i arbeid med produktutvikling og produksjon

Lagar og bruker gode arbeidsteikningar og annan relevant dokumentasjon som framstiller arbeidsproduksjon og produktutvikling

Lagar og forklarer eigne idear ved hjelp av arbeidsteikningar i arbeid med produktutvikling og produksjon

Lagar målsette skisser for eigen produksjon
 11

Bruke og ta vare på materiale på ein økonomisk måte og i tråd med retningslinjer for helse, miljø og tryggleik

Kan planleggje, tek vare på og bruker materiale på ein best mogleg økonomisk måte og i tråd med retningslinjer for helse, miljø og tryggleik

Kan bruke materiale på ein økonomisk måte og i tråd med retningslinjer for helse, miljø og tryggleik

Kan beskrive nokre økonomi- og tryggleiksforhold knytte til materialbruk

 12

Held orden på arbeidsplassen og utfører dagleg vedlikehald av utstyr, verktøy og maskinar

Held god orden på arbeidsplassen. Bruker utstyr på rett måte og utfører dagleg vedlikehald av utstyr, verktøy og maskinar.

Held orden på eige utstyr og arbeidsplass. Bruker utstyret på rett måte og kan utføre vedlikehald på enkelt utstyr og verktøy.

Held orden på eigen arbeidsplass og bruker enkelt utstyr riktig

 13

Vurdere eige arbeid som ledd i å kvalitetssikre og vidareutvikle arbeidsprosessar og produkt

Tek initiativ og vurderer sterke og svake sider i arbeidet som ledd i å kvalitetssikre og vidareutvikle arbeidsprosessar og produkt

Vurderer sterke og svake sider i eige arbeid som ledd i å vidareutvikle arbeidsprosessar og produkt

Beskriv nokre moglege betringspunkt i arbeidsprosessen basert på vurdering av eige arbeid

 14

Eksperimentere målretta med teknikkar, form, farge, materiale og reiskapar

Eksperimenterer målretta med teknikkar, form, farge, materiale og reiskapar

Eksperimenterer med teknikkar, form, farge, materiale og reiskapar

Kan bruke eit utval av teknikkar, form, farge og materiale

 15

Berekne materiale for bruk til eigne produkt og tenester

Kan planleggje, vurdere og rekne ut kor mykje materiale ein treng til eigen produksjon og tenester

Kan berekne kor mykje materiale ein treng til eigen produksjon

Kan gjere greie for bruk av materiale til eigen produksjon

 16

Bruke digitale verktøy i praktisk arbeid med handverksprodukt og tenester

Bruke fagrelaterte og digitale verktøy i praktisk arbeid på en nytenkjande måte i handverksprodukt og tenester

Bruker fagrelaterte og digitale verktøy i praktisk arbeid med handverksprodukt

Kan på ein enkel måte bruke digitale verktøy

 

Relatert innhald

Kjernestoff