Fagstoff

Formeiring hos fisk

Publisert: 25.06.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Fiskeegg klekker

Fiskane viser eit stort mangfald i måten dei formeirar seg på. Mange artar gyter i dei frie vassmassane der egga blir klekte. Dei små larvane driv med straumen og må klare seg sjølve utan noka form for omsorg. Andre artar passar iherdig på både egga og ungane. Felles for alle er at ved å ta i bruk ulike formeiringsåtferder aukar sjansen for vellykka formeiring slik at genane blir førte vidare til neste generasjon.

Torsk med buken full av rognTorsk med buken full av rogn. 

egg fra fisk med fosterFiskeegg med tydeleg embryo.  

kampfisk formerer segKampfisken frå Søraust-Asia legg egg i eit skumreir som hannen byggjer. Her slyngjer hannen seg om hoa samtidig som han befruktar egga hennar som flyt opp i skumreiret. Hannen vaktar så reiret til egga er klekte. 

En anemonefisk ved eggeneEin klovnefisk vaktar egga iherdig og investerer mykje energi i å pleie egga. Dei nyklekte larvane driv av stad med straumen, og då er foreldrerolla over for klovnefiskparet. 

Tangsnelle gyterEit par tangsneller under paringsdansen. 

Fiskeart (Cirrhitichthys falco) som kan skifte kjønn flere ganger.Korallvaktaren Cirrhitichthys falco lever i harem, og dersom haremet blir for stort, kan dei største hoene danne seg om til hannar og ta med seg delar av haremet. Viss dei nye hannane blir utfordra, kan dei faktiske skifte kjønn igjen i staden for å ta opp kampen. 

Laks på vei opp elvaLaks på veg opp eit fossefall for å gyte lenger opp i elva. 

juvenile laksefiskYngel av laksefisk. Legg merke til dei siamesiske tvillingane som deler plommesekk.

Formeiring hos beinfisk

Dei fleste beinfiskar som torsk, sei, lyr og sild er særkjønna. Dei gyter egg og sædceller fritt i vatnet der befruktninga går føre seg. Egga blir klekte til små, pelagiskePelagisk er eit uttrykk som blir brukt om dei frie vassmassane. Det vil seie vatn som ikkje er knytt til strand, kyst eller botn. Pelagisk kan òg beskrive leveviset til organismar, slik som plantar og dyr som lever i dei frie vassmassane. larvar med plommesekk. Larvane et plankton og veks opp til kjønnsmodne individ. Dette er den vanlegaste hendingsgangen for formeiring hos fiskar i havet.

Eit velkjent eksempel er torsken, der ei enkelt hoe kan produsere opptil fem millionar egg kvart år i fleire påfølgjande år. Kvar vinter kjem millionar av torsk (skrei) til mellom anna Lofoten og Vesterålen for å gyte. Til saman produserer dei milliardar av fiskelarvar, men berre nokre få av desse veks opp til kjønnsmodne torskar. Torsken produserer ei overflod av ungar for å sikre at nokre av dei overlever.

Formeiring hos bruskfisk

Bruskfisk som hai og rokker har ein annan strategi enn beinfisk. eggkapselEin liten hai utviklar seg mens han er godt verna inni ein eggkapsel.I staden for å produsere ei stort mengd med larvar som er lite utvikla når dei blir klekte, får dei nokre få høgt utvikla ungar. Befruktninga skjer innvendig, men hos mange artar utviklar egga og yngelen seg i ein eggkapsel utanfor kroppen.

Mange ulike strategiar

I konkurransen om å overleve som art har det utvikla seg mange forskjellige åtferdsmønster og strategiar som har vore vellykka opp igjennom evolusjonen.

Nokre artar festar egga til underlaget og vernar desse iherdig heilt til dei blir klekte og yngelen sym fritt. Klovnefiskane på dei tropiske korallreva er eit eksempel på fisk med denne formeiringsåtferda.

Andre fiskeartar passar ikkje berre på egga, men på yngelen òg. Noen fisker er munnrugere og beskytter eggene mens de klekkes.Havabbor som rugar egga i munnen. Hos munnrugarane blir egga klekte i munnen til hoa. Her blir dei små larvane godt verna til dei blir større og meir robuste. Hos nokre artar vender yngelen seg gradvis til eit liv utanfor munnen og vender hurtig tilbake til munnen til mora viss det oppstår fare.

Hos nålefiskane finn vi kompliserte formeiringsmønster der hannen passar egga og ber fram yngelen. Vår eiga tangsnelle gjennomfører eit slikt paringsritual midt på sommaren. Paret utfører ein komplisert paringsdans der halane slyngjer seg rundt kvarandre. For kvar dans overfører hoa 10–20 egg til hannen. Egga oppbevarer hannen i rugeposar i buken sin. Ein hann kan ta imot egg frå fleire hoer. Etter omkring fem veker blir egga klekte. Ungane forlèt då rugeposen og begynner eit liv blant tang og ålegras.

Kjønnsskifte

Labrus bimaculatusBlåstålet og raudnebben er variantar av same art. Dei fleste fiskar er særkjønna, men nokre artar er hermafrodittar. Blåstålet og raudnebben, som er ulike fargeformer av same arten, er interessante eksempel frå vår eigen kyst. Dei fleste individa er hoer (raudnebbar) ved starten av livet.

les meir

I ein populasjon er nokre individ såkalla primærhannar. Dei ser ut som hoer, men er likevel hankjønn heile livet. Rolla til dei primære hannane er ikkje kjend, men dei deltek truleg ikkje i formeiringa av arten. Sekundærhannar er raudnebbar (hoer) som utviklar seg til hannar (blåstål) ved eit kjønnsskifte som er styrt av sosiale forhold i populasjonen.

Blåståla held eit harem av raudnebbar. Viss det dominerande blåstålet døyr, blir ei av hoene til ein hann og tek over leiarrolla. Når arten formeirar seg om sommaren, byggjer blåstålet eit reir av algar som raudnebben blir lokka inn i. Her går paringsdansen føre seg, der blåstålet utviklar kraftige fargar som vekslar mellom lyse og mørke nyansar i løpet av sekund. Raudnebben legg cirka 1000 egg som blir befrukta av hannen og klekte etter ti døgn. skjul


På vandring for å gyte – anadrome fiskeartar

Nokre fiskeartar, som laksen og sjøauren, vandrar frå havet til ferskvatn for å formeire seg. Om sommaren vandrar laksen opp elvar for å gyte blant småstein på elvebotnen. Både produksjon av kjønnsceller og symjing mot straumen i elvar og stryk er veldig energikrevjande. Til saman bruker laksen så mykje energi i formeiringssesongen at mange døyr etter gyting. Vinsten er at dei befrukta egga blir lagde i eit miljø der sjansen for at yngelen overlever, er høg. I Noreg går det om lag tre år før ungfiskane (smolten) forlèt elva og sym tilbake til havet. Her held dei seg i eit par år (kan variere) før dei blir kjønnsmodne og vender tilbake til vassdraget dei kom frå, for å gyte.

Levandefødde fisk

Poecilia reticulata Hos nokre artar blir egga klekte inni hoa, som dermed føder ferdig utvikla ungar. Dette gjeld mellom anna den velkjende akvariefisken «guppy» (Poecilia reticulata), som lever fritt i Karibia og Venezuela.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff