Fagstoff

Formeiring hos amfibium

Publisert: 24.06.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Frosk og froskeegg

Amfibia er talrike i varme land, men vi har ikkje så mange av dei i Noreg. Her lever berre seks artar, og alle er freda. Evolusjonsmessig er amfibium interessante fordi dei representerer overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land. Dei vaksne dyra lever på land, men vender tilbake til ferskvatn for å formeire seg. I løpet av livssyklusen går dei gjennom ei fullstendig forvandling.

StorsalamanderStorsalamander. 

 

 

Rana lessonaeDen kritisk trua damfrosken.  

 

 

Formering hos Rana temporariaParing hos buttsnutefrosk. 

 

 

FroskeeggEgg frå frosk.  

 

 

RumpetrollRumpetroll frå padde som er i ferd med å gjennomgå metamorfose.  

 


Liten salamanderlarve med utvendige gjeller svømmer på grunt vann.Ung larve av småsalamander. Salamanderen beheld halen heile livet, men dei utvendige gjellene forsvinn.   

 

 

frosken Alytes obstetricans almogavarii bærer egg Nokre amfibium har yngelpleie, slik som frosken Alytes obstetricans der hannen passar egga ved å bere dei omkring på bakkroppen.   

 

 

Reproduksjon hos paddeFleire hannar klyngjar seg omkring ei hoe i kampen om retten til å bli far til avkomma.  

Kva er amfibium?

Amfibium er virveldyr som lever på land, men som vender tilbake til vatn for å formeire seg. Ordet amfibios betyr «fleire liv» og viser til at dei i løpet av livssyklusen sin lever i to heilt forskjellige miljø, på land og i vatn. Til amfibia høyrer frosk og padder, salamandrar og ormepadder. Eit liv både på land og i vatn krev tilpassingar – særleg med tanke på gassutveksling.

I Noreg finst det berre seks artar amfibium: norpadde, spissnutefrosk, damfrosk, buttsnutefrosk, storsalmander og småsalamander. Rana arvalisSpissnutefrosk.Damfrosken er «kritisk trua» og er berre kjend frå to til tre små tjørn i Aust-Agder, mens spissnutefrosken og småsalamanderen begge har status «nær trua» i raudlista. Hos desse har bestandane gått tilbake med 30 prosent dei siste ti åra på grunn av forsuring og habitatøydelegging.

Livssyklus med metamorfose

Sjølv om variasjonen i livssyklusen hos amfibium er stor, har dei fleste artar ein livssyklus som inkluderer metamorfose (fullstendig forvandling). Med få unntak har frosk og padder ytre befruktning, mens salamandrar har indre befruktning. Egga blir lagde i vatn og er omgitte av eit geléliknande stoff som er gjennomtrengjeleg for vatn og gassar. Stoffet trekkjer til seg vatn, svell ut og vernar egget.

Larver

Egga blir klekte til larvar (rumpetroll) som er tilpassa eit liv i vatn.  Dei har gjeller og primitive lunger til gassutveksling, finnar til å bevege seg med og ein hale som er lengre enn sjølve kroppen.

Metamorfose

Et rumpetroll gjennomgår fullstendig forvandling til frosk.Metamorfose hos frosk.Larvane lever i vatn til dei gjennomgår metamorfose, ei forvandling som er styrt av hormona tyroksin og prolaktin. Når metamorfosen skjer, blir gjeller, finnar og andre organ tilbakedanna.  Lungene blir no fullt utvikla og tek over gassutvekslinga saman med huda. Det blir danna lemmer og munndelar, og rumpetrolla blir forvandla til miniatyrar av vaksne amfibium. Dei unge individa begynner eit liv på land, og i løpet av nokre år veks dei opp til kjønnsmodne individ som vender tilbake til vatn for å formeire seg.

Amfibienes livssyklusLivssyklusen til amfibia. Ein overgang frå vatn til land fører òg til at amfibia fullstendig endrar livsstil. Mens rumpetroll vanlegvis et mikroskopiske algar og anna plantemateriale som dei filtrerer frå vatnet, vil mange amfibium bli kjøttetarar (karnivorar) på land og livnære seg av insekt og andre små, virvellause dyr.

Formeiring hos padda

Ei padde kommer opp fra sitt skjulested i jorda mellom lyngplanter.Padde i jordhòle.Om hausten går dei vaksne paddene (norpadde, Bufo bufo) i dvale og overvintrar på frostfrie stader som i hòler under bakken, under vedstablar eller liknande. Tidleg om våren svermar paddene til yngleplassen i eit lite ferskvatn.

les meir

Paddene bruker den same staden til formeiring år etter år. Hannane kjem først og oppheld seg ved og i vatnet i fleire dagar eller veker før hoene kjem. No kan ein høyre korleis paddene kvekkar for å trekkje til seg hoene og markere styrke. Når hoene innfinn seg, klyngjer fleire hannar seg rundt ei hoe for å vinne retten til å befrukte egga. Formeiringsrituala skaper stress og krev så mykje energi at fleire døyr før dei klarer å reprodusere. I ein kort og hektisk periode kan somme tjørn ha mange slike paddeklyngjer.

formering hos Bufo bufo Den sigrande hannen blir sitjande på ryggen av den mykje større hopadda som begynner å leggje egg i lange, doble, geléaktige remser. Eggremsene kan vere så lange som 4,5 meter og inneheld opptil 6000 egg. Egga blir klekte til rumpetroll i løpet av to til tre veker. Etter tolv veker har larvane gjennomgått metamorfose og ser ut som padder, men er ikkje meir enn 1,5 cm lange.

skjul

Fullstendig forvandling hos padde  

Oppgåver
Relatert innhald

Aktuelt stoff

Generelt