Fagstoff

Sirkulasjon

Publisert: 24.06.2013, Oppdatert: 03.08.2017
Kyllingembryo

Alle dyr tek opp næringsstoff, skil ut avfallsprodukt og utvekslar gassar med omgivnadene. Desse stoffa kan transporterast ved diffusjon hos små dyr der avstandane er svært korte. Hos større dyr er avstandane lengre, og diffusjon av stoff vil gå for sakte. Dei fleste fleircella dyra treng derfor eit transportsystem for å frakte både gassar og andre stoff. Transport av stoff over lange avstandar ved hjelp av ei væske kallar vi sirkulasjon.

Sirkulasjonssystemet hos ku. Illustrasjon. Sirkulasjonssystemet hos ku. 

Glassmanter. Foto. Nesledyr, slik som glasmaneta, manglar sirkulasjonssystem. All transport inn og ut av maneta går føre seg ved diffusjon gjennom cellemembranen hos enkeltcellene.  

Raudåte, pelagisk reke, brunsnegl, blåvinge, meitemark og edderkopp. Kollage.Virvellause dyr som hoppekreps, reker, sniglar, sommarfuglar, muslingar og edderkoppar har ope blodkarsystem.  

Blodårer som er åpne i endene. Illustrasjon.Generell skisse av eit ope sirkulasjonssystem. 

Eit ope sirkulasjonssystem er mindre effektivt enn eit lukka fordi

  • trykket er lågt, og tilbakeføring av væske til hjartet skjer langsamt.
  • moglegheita til å regulere fordelinga av hemolymfe til ulike organ er lita.
  • det vanskeleg å endre farten på oksygentransporten til cellene sidan væska strøymer fritt i kroppshola.

Image showing the thumbnail for content named \"Sirkulasjon – utvikling av lukka krinslaup\"Sirkulasjon – utvikling av lukka krinsløp. 

Ekorn som hoppar med en nøtt i munnen. Foto. I eit lukka sirkulasjonssystem kan blodet fordelast etter kva behov det er for oksygen og næringsstoff i dei ulike organa. Når eit ekorn er i aktivitet, vil det for eksempel få auka blodtilførsel til musklane.

Funksjon

Hovudoppgåva til sirkulasjonssystemet er å bidra til rask transport over lange avstandar. Det som blir transportert, er:

  • oksygen frå respirasjonsorgana til cellene
  • karbondioksid frå cellene til respirasjonsorgana
  • næringsstoff frå fordøyingssystemet til cellene
  • avfallsstoff frå cellene til ekskresjonsorgana
  • hormon frå produksjonsstaden til målcellene
  • kvite blodceller og antistoff til immunforsvaret
  • varme frå kroppskjernen til kroppsoverflata

Sirkulasjon hos ulike dyregrupper

Alle eincella dyr og enkelte fleircella dyr, som svampar, nesledyr og flatormar, manglar eit sirkulasjonssystem.

Diffusjon av gasser hos flatorm. Illustrasjon.Diffusjon hos flatorm. Hos desse skjer all utveksling av stoff mellom cellene i kroppen og omgivnadene til dyret ved diffusjonDiffusjon. Konditorfargen har fordelt seg likt i vatnet på eit døgn. Det var inga rørsle i vatnet da forsøket starta.      Rørsle MED og MOT konsentrasjonsgradienten.  Diffusjon er spreiing av eit stoff i gass eller væske frå høg til låg konsentrasjon, slik at stoffet blir jamt fordelt i det rommet som er tilgjengeleg.Diffusjon går alltid med konsentrasjonsgradienten og kan òg skje gjennom halvgjennomtrengjelege membranar med partiklar som kan passere fritt.Eksempel: ei lukt breier seg i eit rom, og sukker fordelar seg etter kvart i teen, utan at du rører.KonsentrasjonsgradientEin forskjell i konsentrasjonen blir kalla ein gradient.Rørsle MED gradienten går frå der det er mykje, til der det er lite av stoffet.Transport med gradienten skjer passivt ved diffusjon.Rørsle MOT gradienten går frå der det er lite til der det er mykje av stoffet.Transport mot gradienten krev energi og blir kalla aktiv transport.. Dei fleste fleircella dyra må likevel transportere stoff over så lange avstandar at diffusjonen går for sakte. Desse har derfor utvikla eit sirkulasjonssystem. Eit sirkulasjonssystem består av ei sirkulerande væske, eit kanalsystem som leier væska rundt i kroppen, og ei eller fleire pumper som opprettheld væskestraumen. Vi skil mellom to hovudtypar av sirkulasjonssystem: eit ope og eit lukka.

Ope sirkulasjonssystem

Dei fleste virvelløse dyr Virvellause dyr er ei samlenemning på alle dyr som verken har virvelsøyle eller ryggstreng. Mellom desse er blautdyr, leddyr, leddormar og flatormar. har eit ope sirkulasjonssystem. Den sirkulerande væska blir pumpa ut frå hjartet til arteriar som endar direkte i kroppsholrommet, utan å danne eit samband med kapillar og vener. Væska vil derfor strøyme fritt i kroppsholrommet og blande seg med vevsvæska. Den sirkulerande væska som er rundt cellene, blir kalla hemolymfeHemolymfe er ei væske som har dei same funksjonane som blod og lymfe hos virvellause dyr med ope blodkarsystem. Hemolymfa transporterer mellom anna næringsstoff, avfallsstoff, vatn og hormon. Hos dei som ikkje har trakear, transporterer hemolymfa òg gassar (oksygen og karbondioksid).Hemolymfa finst i heile dyrekroppen og følgjer delvis eit årenett, men mesteparten er fritt i kroppshola. Hos insekt finst eit årenett for hemolymfe særleg i beina og i vengjene.Insektlarvar som lever i vatn, har raudfarga hemolymfe fordi ho inneheld hemoglobin. Hemolymfa til krepsdyra inneheld hemocyanin som er koparhaldig og gir hemolymfa ein blå farge..

Indre anatomi hos edderkopp, med synleg ryggåre. Illustrasjon.Edderkopp med ope blodkarsystem. Hemolymfa frå kroppshola blir samla i ryggåra, der klaffar styrer retninga.   All utveksling av stoff mellom celler og hemolymfe skjer ved diffusjon. Hemolymfa strøymer tilbake til hjartet gjennom ventilopningar med klaffar som sørgjer for einvegstransport av væske.

Samansetjinga av hemolymfa blir endra når ho blir transportert mellom kroppsholrommet og hjartet. Dette fordi næringsstoff blir tekne opp frå fordøyingssystemet, avfallsstoff blir fjerna i ekskresjonsorgana, og gassar blir utveksla i respirasjonsorgana.

Vengjesnigelen har ope blodkarsystem (video).For dyr som har eit ope sirkulasjonssystem, vil den sirkulerande væska utgjere ein stor del av kroppsvolumet til dyret.

Det er mange avgrensingar som gjer at opne sirkulasjonssystem er mindre effektive enn lukka sirkulasjonssystem. Sjå tre punkt i lista.

 

Lukka sirkulasjonssystem

Alle virveldyrVirveldyr er ei fellesnemning på dyr som har ei virvelsøyle eller ei ryggrad. Virveldyra omfattar fisk, amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr.   , med unntak av kjevelause fiskar, har eit lukka sirkulasjonssystem. Det same gjeld enkelte virvellause dyr som for eksempel meitemark, blekksprutar og pigghuder.

Fisk med påteiknet forenkla sirkulasjonssystem. Illustrasjon. Forenkla teikning av lukka blodkarsystem med enkelt krinsløp og todelt hjarte i fisk. Hos virveldyr blir blodet transportert i eit lukka kanalsystem som består av elastiske blodårer. Frå hjartet blir blodet pumpa ut i arteriar som forgreinar seg til stadig tynnare blodårer før dei endar i eit nettverk av kapillar. I kapillara blir stoff utveksla mellom blodet og cellene ved diffusjon. Frå kapillara strøymer blodet over i vener som leier blodet tilbake til hjartet. På denne måten blir blodet halde vekke frå vevsvæska, og dei to væskene har ei svært ulik samansetjing.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Aktuelt stoff for

Relatert innhald