Hopp til innhald

Fagstoff

Intern marknadsføring

Intern marknadsføring er marknadsføring blant dei tilsette i bedrifta. Det handlar om å «selje inn» produkta til sine tilsette, og det handlar om god personalpolitikk. Her skal vi sjå litt meir på det.
En gruppe mennesker som tar selfie mens de lager grimaser. Foto.

Intern marknadsføring er marknadsføring inne i bedrifta. Men kvifor er det viktig å drive marknadsføring inne i bedrifta, det er jo kundar utanfor bedrifta som skal kjøpe varene våre?

Vel, du har sikkert opplevd at det du trur på sjølv, er lettare å overbevise andre om enn ting du ikkje trur på? Som salsmedarbeidar er det viktig at «du har kjøpt produkta sjølv» og trur på dei for at du skal gjere ein god salsjobb. Di meir «du er» bedrifta, di meir truverdig og ærleg opptrer du overfor kunden – altså i den interaktive marknadsføringa di.

Trivsel på jobben, god leiing

Bedrifter som tek godt vare på medarbeidarane sine, er inne i ein «god spiral». Dersom dei er i stand til å sjå kva den enkelte medarbeidaren er god til, og gi medarbeidaren interessante arbeidsoppgåver som gjer at han eller ho får utnytta talentet sitt, får bedriftene nøgde tilsette som yter sitt beste på jobb.

Dersom bedrifta også gir gode høve til å utdanne seg og relevante kurs for jobben slik at ein medarbeidar kan utvikle seg vidare, kan det vere endå betre. Med andre ord: Ei bedrift som investerer i sine tilsette, får engasjerte medarbeidarar, og i sin tur gir dette positive ringverknader utover til kundane, fordi medarbeidarane yter meir overfor dei. God personalpolitikk er derfor god intern marknadsføring!

Internt sal

Den andre delen av den interne marknadsføringa går ut på å marknadsføre produkt, reklamekampanjar og verkemiddel overfor dei tilsette slik at dei i sin tur formidlar vidare dette engasjementet til kunden. Dette fører til at alle tilsette får informasjon om kva kampanjar og reklamar som blir brukt, at tilsette kan vere med på salskonkurransar, og at spesielle kampanjar kan vere retta direkte mot dei tilsette. På denne måten «kjøper dei tilsette» bodskap og verkemiddel som dei i neste omgang skal selje til kundar. Di meir dei tilsette «er produktet», di betre og meir truverdige seljarar og kundebehandlarar blir dei.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Marknadsføring