Fagstoff

Formeiring hos virveldyr

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Tiktaalik roseae

Då dyrelivet kraup på land for omkring 375 millionar år sidan, måtte dyra tilpasse seg nye miljøforhold. Ei utfordring med formeiringa var å unngå at fosteret tørka ut. Somme virveldyr vender framleis tilbake til vatnet for å formeire seg, mens andre legg egg, noko som bevarer eit fuktig miljø omkring fosteret. Blant pattedyra finn vi nokre få artar som har behalde evna til å leggje egg, mens dei aller fleste fullfører fosterutviklinga inne i kroppen.

utviklingen av vertebrateneEvolusjonen til virveldyra.   

Hodeskalle og ryggrad hos menneskeVirveldyra er karakteriserte av at dei har eit indre skjelett med ryggvirvlar.       

Model av AcanthostegaAcanthostega var ein primitiv kvastfinnefisk frå devontida og som levde for cirka 365 millionar år sidan.     

 

formering hos Bufo bufoAmfibium, slik som padda, lever på land, men vender tilbake til ferskvatn for å formeire seg om våren.   

fiskelarvePlommesekk hos nyfødd fiskelarve.  

klekkingEin fugleunge klekt ut.   

Nebbdyr som dykkerFem artar av primitive pattedyr legg òg egg slik at fosteret utviklar seg utanfor kroppen til mora. Nebbdyret frå Australia er eit av desse.    

 

pungdyrHos pungdyra skjer fødselen svært tidleg, og fosteret utviklar seg i ein pung på buken til mora. Hos denne gruppa fungerer plommesekken som ei morkake.    

grisefosterTo 33 dagar gamle grisefoster som er omtrent 16 mm lange, og som flyt i fostervatn innanfor fosterhinna.    

Kva er virveldyr?

Alle virveldyrartane har eit indre skjelett med ryggvirvlar. Virveldyra består berre av omkring 60 000 artar, noko som ikkje utgjer meir enn fem prosent av alle kjende organismar, og mindre enn ein prosent av det faktiske talet på artar på jorda. Sidan menneska og andre pattedyr tilhøyrer virveldyra, er gruppa svært godt undersøkt.De ulike klassene av virveldyr  
Virveldyra (Vertebrata) blir i dag rekna som ei underrekkje av rekkja ryggstrengdyr og blir delt inn i sju klassar: kjevelause fiskar, bruskfiskar, beinfiskar, amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr.

Frå vatn til land

I devontida, for om lag 375 millionar år sidan, tilpassa dei første virveldyra seg eit liv på land. Dette betydde at dei blant anna måtte kunne puste inn atmosfærisk oksygen, tilpasse seg gravitasjonen på land, minimalisere vasstapet og ha sanseorgan som kunne fungere i luft i staden for i vatn.

Slektene Tiktaalik og Acanthostega er fossile representantar for utdøydde kvastfinnefiskar som levde på denne tida, mens LatimeriaBlåfisk. blåfisken (Latimeria chalumnae) er eit levande fossil somframleis viser bygningstrekk frå fisk og landlevande virveldyr.

Mindre avhengig av vatn

Den største utfordringa ved overgangen frå vatn til land når det gjaldt formeiring, var faren for at fosteret skulle tørke ut.

Fisk og amfibier

Hos fisk og amfibium går formeiringa framleis føre seg i vatn. Hos dei fleste artane blir egget befrukta utanfor kroppen (utvendig befruktning). Eggcellene inneheld ei næringsrik plommemasse. Når fosteret (larven) blir klekt ut frå egget, får det med seg ein plommesekk med opplagsnæring som rekk i nokre få dagar. Blodårer frå fosteret veks ned i plommesekken og hentar næring. Både fosteret og plommesekken er omgitte av ei fosterhinne. Avfallsstoff diffunderer gjennom hinna og ut til omgivnadane.

Krypdyr og fuglar

Krypdyr og fuglar har løyst fuktproblemet ved å leggje egg. Fosteret kan utvikle seg inni egget utan fare for uttørking. Vi kan godt seie at krypdyra og fuglane har teke litt av havet med seg på land. Overgangen til eit liv på land førte òg til at dyra måtte la eggcella bli befrukta inni kroppen for at kjønnscellene skulle ha fuktige omgivnader å symje i. Både hos krypdyr, fuglar og pattedyr finn vi innvendig befruktning.

anatomien til et egg     

Eit egg har ytst eit skal som er forbausande sterkt, og som gir god mekanisk vern. Innanfor skalet er det fire hinner som vernar fosteret:
  • plommesekkhinna som dekkjer plommesekken
  • urinsekkhinna som lager ein urinsekk der avfallsstoff frå fosteret blir samla opp
  • fosterhinna som dannar ein væskefylt sekk rundt fosteret
  • skallmembranen, som eigentleg består av to gjennomsiktige proteinmembranar, som dekkjer innsida av skalet og vernar mot bakteriar

Pattedyr

Dei aller fleste pattedyra er morkakedyr (placentale pattedyr) der den befrukta eggcella på eit tidleg stadium festar seg i livmora. Her utviklar fosteret seg i ein væskefylt sekk (fosterhinna) og badar i fostervatn som faktisk har like mykje salt i seg som urhava på jorda ein gong hadde. Urinsekkhinna frå egget er utvikla til ein navlestreng som bind saman fosteret med livmora gjennom morkaka. I navlestrengen og morkaka er det blodårer som transporterer gassar, næring og avfallsstoff til og frå fosteret. Blodkarsystemet til fosteret er åtskilt frå mora sitt, men stoff og gassar blir kontinuerleg utveksla mellom blodet til fosteret og blodet til mora ved diffusjon.

Relatert innhald

Fagstoff